Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. des 2024
Innlegget
Takk til statsråden for svaret. Statsråden har seinast i oktober i år, i TV 2, vore ute og sådd tvil om det vert ein straffelov med utgangspunkt i prinsippet om at berre ja er ja. Det har bekymra fleire, bl.a. meg. Justisdepartementet har tidlegare uttrykt bekymring for at innføringa av ei samtykkebasert valdtektsbestemming vil kunna medføra auka fokus på korleis offeret har opptredd, og at det vil kunna svekkja vernet mot valdtekt eller gjera prosessen meir belastande for fornærma. Det er ei legitim bekymring, men òg i eit nytt straffebod basert på ein «nei er nei»-modell vert søkjelyset retta på om den valdtektsutsette har uttrykt motvilje mot den seksuelle omgangen. Straffelovrådet gjev inntrykk av at modellane «berre ja betyr ja» og «nei betyr nei» ikkje er så ulike, men premissane desse to modellane byggjer på, er faktisk vidt forskjellige. Det er rett og slett misvisande å antyda at det ikkje har store praktiske konsekvensar å leggja den eine eller den andre modellen til grunn, f.eks. i saker der offeret ikkje uttrykkjer motstand på grunn av passivitet, at hen frys til, at det er ei personforveksling, eller at den seksuelle omgangen skjer i ruspåverka tilstand. Om den eine eller andre modellen vert lagd til grunn, kan gje eit vesentleg forskjellig utgangspunkt for den vidare strafferettslege forfølginga. Ein samtykkelov vil òg kunna føra til ei omfattande haldningsendring i samfunnet. Ifølgje Ipsos’ haldningsundersøking frå 2013 meinte kvar fjerde person i Noreg at ei kvinne er heilt eller delvis ansvarleg for å ha vorte valdteke viss ho frivillig har vorte med ein mann på nachspiel. Det er ganske skremmande. Ein lov som seier at sex utan samtykke er valdtekt, sender eit tydeleg signal om kvar ansvaret ligg, og det treng me i det norske samfunnet i dag. Dette kan føra til færre valdtekter, men òg til at fleire tør å seia frå for det å ha sex med ein person som ikkje har gjeve samtykke, er valdtekt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat