Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. des 2024
Innlegget
Eg vil takka for ein god debatt, men eg merkar meg at statsråden framleis ikkje har svart på når lovforslaget skal leggjast fram for Stortinget. Som mange har vore inne på, har heile éi av fem kvinner vorte utsette for valdtekt. Sjølv om det er så mange som vert utsette for valdtekt i Noreg, er det svært få overgriparar som vert tiltalte og dømde. Ifølgje Riksadvokaten legg politiet bort meir enn åtte av ti valdtektsmeldingar, mens kvar tredje valdtektssak endar med frifinning i retten. Samtidig veit me at veldig mange valdtekter aldri vert melde i det heile teke. Det hastar å gjera noko med dette samfunnsproblemet, og eg håpar verkeleg at statsråden no vil setja fart i dette. No er det fleirtal på Stortinget for ein samtykkelov – la oss få den loven på plass. Sverige innførte samtykkelov i 2018. Ei evaluering av loven i 2020 viser at han har resultert i at fleire vart tiltalte og dømde for valdtekt. Ein samtykkelov vil altså føra til at fleire valdtektsmeldingar kan etterforskast, og – om bevisa held – enda med ei rettferdig behandling i domstolane. Juristforbundet skriv i resolusjonen sin frå deira landsmøte i år at forslaget frå Straffelovrådet «går ikke langt nok i å beskytte de som forholder seg passive i frykt, traumer eller andre handlingslammende situasjoner». Juristforbundet meiner at det alternative «ja er ja»-forslaget, der samtykke må gjevast aktivt, er ei betre løysing. Då vil ansvaret for å innhenta samtykke leggjast på initiativtakaren og ikkje på offeret. Denne debatten har vist at det hastar å få på plass ein reell samtykkelov. For kvar dag som går, risikerer ein ny person ikkje å få si overgrepssak behandla etter prinsippet om at berre ja er ja. Sånn skal det ikkje vera. Me treng ei lovendring i Noreg, og me treng ei haldningsendring. Avslutningsvis vil eg takka alle organisasjonar og enkeltpersonar som pusher på i denne saka, og eg vil takka representantane for ein god debatt og ønskja statsråden lykke til med å leggja fram eit lovforslag på nyåret.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat