Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. des 2024

Aleksander Øren Heen
Aleksander Øren Heen
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

Innlegget

Me har dei siste dagane sett utslag på straumprisen som eg har karakterisert som uakseptable. Det finst ikkje lenger gode nok forklaringar på kvifor Noreg skal vera så påverka av europeiske kraftprisar. Gasslagera er fulle, vassmagasina har høg fylling, det har ikkje vore veldig kaldt, men likevel har me import med svært høge straumprisar. Dette meiner me gjev ein litt ny situasjon, eit litt nytt situasjonsbilde, enn det me har sett tidlegare, då det kunne vera enklare å forklara det. Dette krev òg nye tiltak. Me tek difor til orde for at meir kraft må av børs. Me vil skapa ein reell fastprismarknad ved å påleggja store produsentar av regulerbar kraft at dei må selja ein del av den krafta gjennom fastprisavtalar. Me ønskjer òg meir vasskraftutbygging, og me må bruka eigarskapen i Statkraft for å få fortgang på fleire vasskraftprosjekt og for å sikra gjennomføring av konsesjonsgjevne urealiserte prosjekt, som òg har betre lønsemd enn f.eks. havvind. Me må òg stoppa fornying av danmarkskabelen og allereie no seia det tydeleg ut og få eit fleirtal for det. Me må reforhandla vilkåra for bruk av englandskabelen, slik at det er utveksling som står i fokus, og me må, som me gjer her i dag, sørgja for at me har straumstønad til hushalda, sånn at ein kjem seg gjennom dei verste månadene om vinteren. Me må òg fortsetja å bruka flaskehalsinntekter for å jamna ut nettleiga i dei områda der det er veldig høge flaskehalsinntekter, og der det òg er stor vekst i straumprisane. Dette er fleire tiltak som me ser på no, og som me vil følgja opp utover vinteren for å få ny politikk på dette området, for det må gjerast strukturelle grep for å få oss inn i ei litt ny tid og ei litt ny retning i kraftpolitikken.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Aleksander Øren Heen (Senterpartiet) — Innlegg · 13. des 2024 — OverStortinget