Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. des 2024

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Skattesystemet er eit av våre viktigaste økonomiske styringsverktøy for å omstilla samfunnet. Miljøpartiet Dei Grøne sitt alternative statsbudsjett for 2025 viser nødvendige skatte- og avgiftsgrep for å få til vår tids viktigaste samfunnsmål: å skapa velferd for alle folka i landet vårt utan å øydeleggja livsgrunnlaget for framtidige generasjonar, slik ein gjer i dag. Miljøpartiet Dei Grøne meiner at ei grøn og solidarisk skatteomlegging må vera høgaste prioritet for regjeringa. Skattepolitikken må beskytta natur, avgrensa utslepp av klimagassar og forureining og sørgja for ei solidarisk og ansvarleg forvalting av ressursane på planeten. Det krev mykje meir enn små justeringar i skattar og avgifter. Det hastar å skapa ein økonomi der dei langsiktige, miljømessige og sosiale kostnadene vert reflekterte i prisen på ei vare eller teneste. Skattesystemet må vera meir omfordelande, og me skal ha ei rettferdig omstilling. Ein vellykka miljøpolitikk heng uløyseleg saman med ein rettferdig skattepolitikk som reduserer økonomiske ulikskapar. Me treng ein offensiv næringspolitikk som mobiliserer skaparkrafta i samfunnet for å byggja eit meir miljøvenleg samfunn og eit nytt grønt næringsliv. Difor føreslo Miljøpartiet Dei Grøne omfattande endringar i skatte- og avgiftspolitikken for 2025 i vårt innspel til statsbudsjettet. Når eg kan bestilla ein genser frå Temu som kostar mindre enn lokalproduserte poteter, viser det kor feilslått avgiftspolitikken i dag er. Kostnadene ved miljø- og menneskeskadeleg produksjon og forbruk vert ikkje reflekterte i prisane. Når omfordelingseffekten i skattesystemet sviktar og forskjellane aukar, vert bildet enda grellare. Fattige barnefamiliar må ta til takke med varer som er dårlegare for helsa deira og for naturen. Me er nøydde til å omstilla oss bort frå ein bruk-og-kast-økonomi til ein økonomi som forbrukar mindre, og der ressursar vert gjenbrukte. Skatte- og avgiftspolitikken må sørgja for at det kostar meir å forureina, og at det vert billegare å velja miljøvenleg. Alt som kostar pengar, er dyrare for dei som har lite pengar. Høge avgifter rammar skeivt. Dei med dårlegast råd brukar meir av inntekta si på nødvendig konsum og transport og vert difor ramma ekstra hardt av høge prisar, særleg når alternativa er utilgjengelege. Omfordeling over skattesetelen er det viktigaste, men det er ikkje nok. Difor vil Miljøpartiet Dei Grøne innføra klimapåskjøning til alle, der det vert innført ekstra avgifter på forureinande forbruk, og der inntektene vert delte ut att til befolkninga. Det vil dei fattigaste og dei som forbrukar minst, tena mest på. Størsteparten av inntekta frå flyseteavgift og auka vegbruksavgifter på bensin og diesel vert delte ut som flate kontantoverføringar i skatteoppgjeret til alle som bur i Noreg. Det er anteke at barnefamiliar vil betala ein større andel av avgiftene, og difor skal ungar ha den same utbetalinga og få sin del av klimapåskjøninga. Dei som bur usentralt med færre transport- og konsumalternativ, får eit høgare beløp. I vårt forslag får folk med inntekt lågare enn 800 000 kr redusert skatterekning, mens dei med inntekt over 800 000 kr vil få auka inntektsskatt. Omfordelingseffekten vert styrkt av fleire andre skatteforslag, bl.a. ei meir solidarisk innretning av barnetrygda. Ho må aukast kraftig, og ein må skattleggja ho sånn at dei med god nok råd bidreg til å få ned antalet fattige barnefamiliar i dette landet. Aukande forskjellar viser at det er behov for formuesskatten i Noreg, men me veit òg at skatten kan slå uheldig ut og vera til hinder i etablerings- og oppskaleringsfasen for oppstartsbedrifter. Miljøpartiet Dei Grøne føreslår difor eit betydeleg auka botnfrådrag, frå 1,7 mill. kr til 5 mill. kr, som vil gjera at om lag fire av fem formuesskattebetalarar vil sleppa skatten. Skattesystemet må bidra til å skapa plass til mange nye bedrifter når me no skal omstilla økonomien bort frå fossil energiutvinning og til nye, grøne næringar. Staten må utforma rammevilkår for både dei etablerte og dei nye, små, lokale bedriftene – ikkje berre dei multinasjonale gigantane som systematisk kan planleggja for minst mogleg skatterekning. Miljøpartiet Dei Grøne føreslår å innføra redusert arbeidsgjevaravgift for oppstartsbedrifter i ein avgrensa periode og eit standardisert frådrag for sjølvstendig næringsdrivande. Me vil ha skattelette i form av auka jordbruksfrådrag og fiskarfrådrag for å støtta opp om heilt sentrale, naturbaserte primærnæringar. For å senka utsleppa i tråd med Parisavtalen, slik me skal og må, er det ingen veg utanom å auka prisen på utslepp. Det trengst omstillingsavgift på utvinning av olje og gass og næringsretta miljøskattegrep som fremjar bruk og teknologiutvikling av utsleppsfrie maskiner. I tillegg er det på tide med ei avgift på uttak av torv og toll på soya til husdyr- og fiskefôr. Til slutt vil Miljøpartiet Dei Grøne vera tydelege på at meirverdiavgiftssystemet kan og bør brukast aktivt for å fremja berekraft. Me føreslår å fjerna moms på frukt, grønt og økologiske matvarer for å fremja større sal og produksjon. For å bevara og styrkja eit levande uteliv i både byen og naturen føreslår me å senka momsen på all servering av mat og drikke.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 13. des 2024 — OverStortinget