Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 14. des 2024

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Gjennom debattane me har hatt om veg, er det fleire ting eg stussar på. For nokre dagar sidan var eg ute i avisa heime med forslag til ei løysing på den høge bompengeandelen i Ryfast, tunnelen mellom Ryfylke og Stavanger. Fylkesvaraordføraren i Rogaland frå Framstegspartiet gjekk då ut og håpte på eit regjeringsskifte neste år. Bakgrunnen for det var at han var bestemt på at Framstegspartiet skulle koma til å redusera bompengane i Ryfast. Så bestemt trur eg ikkje han er lenger, for det ligg ingen ting inne i deira alternative budsjett. Tidlegare har det heller ikkje vore noko problem med bompengar. Aldri har vel så mykje bompengar blitt innført som då Framstegspartiet hadde samferdselsministeren. Me får òg ein annan svær tunnel i Rogaland. Rogfast, som går mellom Haugalandet og Stavanger, er ferdig om nærmare ti år, og verdas lengste tunnel ville hamna i ein åker om det hadde vore opp til Framstegspartiet. Det finst inga løysing for korleis tunnelen skal koplast på eksisterande veg, og det viste Framstegspartiet i fylkestinget tydeleg denne veka. Gratis ferjer vil dei heller ikkje ha, men dei vil innføra betaling – eller bompengar til sjøs, som eg kallar det. Andre som ber om at veljarane skal gje Framstegspartiet tillit, er samferdselspolitikarane deira. Dei lover at om veljarane gjev dei tilliten ved neste val, skal det igjen lukta nylagt asfalt over heile landet. Framstegspartiet er ikkje tilliten verdig om deira alternative budsjett skal liggja til grunn. Om eg i det heile teke skal få kjenna på lukta av nylagt asfalt etter at Framstegspartiet har brukt pengane på svære togprosjekt, får eg reisa til det sentrale Austlandet, der partileiaren bur. Dette er dei for så vidt einige med samarbeidspartia sine om gjennom NTP-behandlinga i vår. Eg ser med sterk bekymring på korleis veljarane i Rogaland skal ta stilling til samferdselspolitikken til Framstegspartiet. Utsegnene deira om veg i år gjev inga meining. Då er eg meir trygg på Senterpartiet, både lokalt og nasjonalt. Gjennom vår regjering blir det nylagd asfalt både i Rødsliane mellom Seljestad og Røldal, over Fykse, under Ålgård og frå Rogfast-opninga på Randaberg til Stavanger. Garantisten for vegbygging, nylagd asfalt, rassikring og tryggare vegar er Senterpartiet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Innlegg · 14. des 2024 — OverStortinget