Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 14. des 2024

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Året er 2024, snart 2025. Det skulle ein ikkje tru når ein høyrer denne debatten. Dei fleste av oss i Noreg bur i ganske vanlege byar og tettstader, ca. 80 pst. av oss. Slike plassar er det fullt mogleg å klara seg fint i kvardagen med kollektivtrafikk, sykling og gonge dersom det vert lagt til rette for det. Sjølv om me bur stadig meir sentralt i Noreg, køyrer nordmenn stadig meir bil. Kvifor er det slik? Jo, det er fordi ein fører den politikken ein fører. Det er fordi norske politikarar og regjeringar dei siste tiåra har brukt milliardar av skattekroner på å byggja ned natur og å leggja asfalt. Nye vegar har vore ein kjempesuksess, står Høgre og Framstegspartiet og skryter av her i dag. Om ein måler suksess i mest mogleg nedbygd natur, flest mogleg daude bysentrum langs sørlandskysten, flest mogleg nye bilbaserte kjøpesenter, mest mogleg unødvendig bilkøyring, ja, då har Nye vegar vore ein kjempesuksess. Kva er det ein held på med? Artsrik gamalskog der utryddingstrua fuglar hekkar, er hogd ned. Uerstattelege våtmarker med stort artsmangfald er asfalterte. Små dammar med sjeldne salamandrar er sprengde bort. Og dette skal ein fortsetja med. For samfunnet vårt, for naturen og for barna våre er Nye vegar ein tragedie. I staden for å satsa på tog, bane og buss har Noreg satsa stort på motorvegutbygging dei siste åra. Folk er så avhengige av bilen, seier eksospopulistane i Senterpartiet og Framstegspartiet mens dei pressar gjennom nye milliardar til unødvendige motorvegprosjekt som gjer folk stadig meir avhengige av bil. Kven er det som eigentleg køyrer mest bil her i landet? Jo, det er folk på det sentrale austlandsområdet, ifølgje Statistisk sentralbyrå, SSB. Asker og Bærum ligg over landsgjennomsnittet, med høvesvis 11 928 og 11 446 km per personbil årleg. I Oslo køyrde ein personbil i snitt 11 704 km i fjor. Til samanlikning køyrde ein personbil i Alta 10 169 km og i Hammerfest litt mindre – altså langt under landsgjennomsnittet. Det er eit politisk val å tvinga folk til å køyra bil. Den gjennomsnittlege bilturen i Noreg er under 5 km og kunne lett vore erstatta av gonge, sykling eller kollektivtrafikk om det var lagt til rette for det. Som regel er det ikkje trygt å gå eller sykle her i landet. Kvifor ikkje? Det er for mange bilar, det er for mykje trafikk. Det er freistande å spørja eksoskameratane i Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet: Kor mykje asfalt er nok asfalt? Når er det nok bilkøyring i Noreg? Når har de øydelagt nok natur? Dei fleste reiser kunne enkelt vore erstatta med kollektivreiser dersom det hadde gått ein buss eller eit tog. I praksis er det ikkje bygd ut tog i Noreg dei siste hundre åra. I dag går det knapt ein dag utan at ein ser overskrifter om tog som er forseinka. Kollektivprisane aukar òg. Alt dette rammar vanlege barnefamiliar, studentar og pendlarar. Kort sagt er det krise i kollektivtilbodet, som betyr meir krise i klimapolitikken, meir biltrafikk, utrygge skulevegar og helsefarleg luft i byane våre, særleg der dei fattigaste ungane bur. Dette vil me i Miljøpartiet De Grøne gjera noko med. I vårt alternative budsjett viser me at det er enkelt å få på plass eit gigantisk kollektivløft over heile landet. Me ønskjer nasjonalt månadskort til 499 kr for alle. Då kunne ein ha pendla til jobb, dratt på helgetur, besøkt bestemor – alt med det same billege månadskortet i eit kollektivtilbod som faktisk går. Løysinga til regjeringa, Høgre og Framstegspartiet er meir av det som skapar problema – meir bil, meir fly, dyrare og dårlegare kollektivtrafikk. For å setja flyginga til nordmenn i perspektiv: Nordmenn flyg ti gonger meir enn den jamne europear, dobbelt så mykje som svenskane og danskane. Det går rundt 50 fly kvar dag mellom Oslo og Trondheim. I Frankrike har dei forbode korte flyturar der det finst tog som alternativ. I Noreg går me i heilt motsett retning. Ein ny rapport frå NTNU i fjor viser at luftfarten har 50 pst. høgare klimagassutslepp enn tidlegare berekna. Nordmenn er altså heilt i verdstoppen. Det er berre amerikanarar og australiarar som flyg meir enn oss. Kva er løysinga til dei største partia? Meir av det same. Og mens tusenvis av folk allereie døyr av klimakrisa i Asia, i Afrika og på vårt eige kontinent, mens norske bønder får øydelagt avlingane sine av ekstremvêr, mens norske bygder vert skylte bort av ekstremvêr, er planen til dei store partia å fortsetja å byggja meir veg, fortsetja å auka flytrafikken. Det er heilt sjukt, det som går føre seg i denne salen, og det som går føre seg i norsk transportpolitikk.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat