Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 14. des 2024
Innlegget
Nylandsvegen og Nylandsbrua var første del av eit stort motorvegnett som skulle gå gjennom Oslo. Det var heldigvis eit motorvegnett det ikkje heilt vart noko av, men på Grønland er brua der framleis, og ho er til hinder for god byutvikling. Ei tidlegare konseptvalutgreiing frå byrådet har slått fast at det vil vera mogleg med ei betre byutvikling, ein attraktiv by, om brua vert riven. Bystyret har vedteke dette i fleire år. I 20 år med politisk ønske om å få det til har både Bane NOR, Jernbaneverket og Statens vegvesen delteke i det uformelle plansamarbeidet, men det har vist seg vanskeleg utan ei tydeleg bestilling frå Samferdselsdepartementet om at dette skal få fart. Er det mogleg å håpa på at det vil skje noko med Nylandsbrua i tida framover?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat