Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. des 2024

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Det er ei stor ære i dag å få offentleggjera at Høgre no har fått statusen som det nye reverseringspartiet i norsk politikk. Me ser sjølve at representanten Trøen har uttalt at ho vil tilbake til Nasjonal helse- og sjukehusplan, der alle våre endringar står på spel. Dei vil redusera grunnfinansiering til fordel for innsatsstyrt finansiering, trass i motstand frå folk som er opptekne av kvinnehelse og psykisk helse. Dei vil innføra fritt behandlingsval igjen, som ifølgje deira eiga evaluering var eit dårleg system. Er det slik at Høgre berre vil tilbake til system- og sentraliseringspolitikken til Bent Høie, eller er det noko bra som har skjedd dei siste åra, og som de ikkje vil reversera?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Replikk · 16. des 2024 — OverStortinget