Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 17. des 2024

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Miljøpartiet Dei Grøne vil uttrykkja støtte til forslaget om ei særskilt kompensasjonsordning for oljepionerane, og me ønskjer å bidra til ein verdig debatt, ikkje driva populistisk splid, som enkelte har gjort her i dag. Forslaget er eit viktig skritt mot å anerkjenna og kompensera dei som har bidratt betydeleg til oppbygging av Noregs oljeindustri, ofte under krevjande og veldig risikofylte forhold. Det er ikkje så ofte Miljøpartiet Dei Grøne stemmer saman med Framstegspartiet i saker som handlar om olje, men så handlar heller ikkje denne saka om olje, ho handlar om at arbeidsfolk i Noreg skal ha rettar, tryggleik og verdigheit. Det handlar om at Miljøpartiet Dei Grøne er klokkeklare på at folk som skal ha blitt utsette for miljøgifter og skade på jobb, for fellesskapet, sjølvsagt skal kompenserast – før dei døyr. Difor støttar me forslaget om raskt å få på plass ein kompensasjon for dei folka som har blitt direkte skada av oljeindustrien. NRK har avdekt at mange oljepionerar lid av alvorlege helseplager som følgje av eksponering for oljeslam og giftige gassar, og eg vil takka landsforeininga ALF Offshore og alle dei som har kjempa for sine rettar. Takk til dei som har fortalt sine personlege historier. Takk til Øyvind Myrene, Jan Birger Årsland, Jan Terje Birktjørn, Hans Marwoll, Tord Lillehavn, Bjarne Kapstad og mange, mange fleire – alle dei som har fått fram dei alvorlege følgjene oljeindustrien har hatt på kroppen deira, på livet deira, fordi dei har jobba utan verneutstyr mot giftige gassar, olje og damp i ein farleg bransje. Beinmergskreft, nerveskadar, nyresvikt, kroppsorgan som forvitrar, bein som smuldrar bort – oljepionerane tok stor personleg risiko i ein farleg bransje. Miljøpartiet Dei Grøne meiner det er på høg tid at me gjev dei den anerkjenninga og støtta dei fortener. Om me jobbar raskt, kan nødvendige løyvingar inkluderast i revidert nasjonalbudsjett for 2025. Eg vil minna salen om det ansvaret Stortinget har for å ta lærdom og forhindra at fleire blir ramma av skadeverknadene av oljeindustrien. Historia viser at oljeselskapa ikkje tek det ansvaret som krevst for menneske eller miljø, og denne salen må ta ansvar for utfordringar både i fortida og i framtida. Miljøpartiet Dei Grøne vil at dette òg skal vera ei påminning om ansvaret denne salen har for så raskt som mogleg å sørgja for ei ordna og trygg utfasing av olje og overgang til fornybare jobbar, til beste for arbeidsfolk i heile Noreg og for alle barn overalt. Miljøpartiet Dei Grøne vil understreka at mange av dei skadde no lever med livstruande tilstandar. Dei treng hjelp no. Veldig mange av oljepionerane er allereie døde. Dei gjenlevande har ikkje tid til å venta på fleire rapportar og utgreiingar. Mange har ikkje krefter til å kjempa for den hjelpa dei treng. Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer ein rask og verdig kompensasjon for oljepionerane og ber regjeringa få fortgang i byråkratiske prosessar og gjera det som skal til – omgåande, med ein gong, no.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 17. des 2024 — OverStortinget