Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 17. des 2024

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Kommuneøkonomien er trong over heile landet, og tenester og fritidstilbod vert lagde ned over ein låg sko. Desperate kommunepolitikarar seier ja til stadig meir absurde naturraserande prosjekt i håp om eit par nye arbeidsplassar. Men det er ingen naturlov at kommunane og fellesskapet skal vera fattige, mens forskjellane mellom folk aukar og det aldri har vore fleire norske milliardærar. Det er politiske val å betala så lite til folk i sosialhjelp. Det er politiske val å gjeva så store skattelettar til den øvre middelklassen og til dei superrike. Det er politiske val at me har rekordmange private svømmebasseng i Noreg og rekordmange luksushytter på fjellet, mens me ikkje har råd til vatn i dei kommunale bassenga eller pengar til å driva fritidsklubbar for dei mest utsette ungane. Eit sosialt urettferdig samfunn er eit dårlegare samfunn. Jo større forskjellar mellom fattig og rik, jo meir mistillit og meir kriminalitet får me. Det som skjer i byar som Oslo no, der Høgre styrer med hard hand for å gjeva skattelette til dei rikaste og bevisst aukar forskjellane mellom folk, er ei oppskrift på utanforskap, gylne gettoar på vestkanten og reelle gettoar på austkanten, mindre tillit over heile linja og auka kriminalitet. Det vil heilt garantert verta veldig dyrt i det lange løp i form av øydelagde liv og i form av auka utgifter for både kommunen og det norske samfunnet. Det Noreg treng, er systemendring, modige grep som set oss på ein ny kurs med politikarar som faktisk vågar å prioritera det me veit fungerer, og det som er viktig. I Søndre Nordstrand her i Oslo lever eit av tre barn i fattigdom, og som fleire andre bydelar i Oslo har dei særleg store sosialutgifter, bl.a. på grunn av ein fullstendig feilslått eller skal eg seia manglande bustadpolitikk, som pressar folk med ulike sosiale og økonomiske problem ut i ytterkantane. Denne bydelen måtte kutta aller mest av Oslos bydelar i årets budsjett, og Miljøpartiet Dei Grøne meiner at regjeringa og me i Stortinget har ansvar for å stilla opp for dei mest utsette i landet. Det finst eit statleg kommunalt spleiselag i ein del bydelar som Søndre Nordstrand i form av områdeløft. Me føreslår difor å sikra ungdomane, barna og dei utsette gruppene i Søndre Nordstrand dei mest nødvendige tilboda i året som kjem, ved å setja av ekstra midlar til områdeløft. Med det vil eg ta opp Miljøpartiet Dei Grøne sitt forslag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat