Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 19. des 2024

Aleksander Øren Heen
Aleksander Øren Heen
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

Innlegget

Me kunne høyra representanten Tybring-Gjedde seia i innlegget sitt at kraft skulle vera eit konkurransefortrinn, ikkje ei ulempe. Skal ein lukkast med det, er ein òg avhengig av å ha ein pris på den krafta som gjer at det faktisk blir eit konkurransefortrinn – ikkje berre tilgang på kraft, men at prisen er avgjerande. Me har hatt ein runde med høge straumprisar førre veke. Me såg lite til ny politikk frå Høgre i den diskusjonen. Eg les òg i budsjettet at ein vil basera havvindsatsinga til Høgre på hybridkablar. Då er det relevant å spørja om ein trur at det å byggja ut mykje havvind basert på hybridkablar, som òg vil auka eksportkapasiteten, vil gje lågare prisar – som nettopp sikrar at krafta blir eit konkurransefortrinn, og ikkje ei ulempe – for all erfaring med kablar så langt er jo at prisen aukar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat