Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 19. des 2024

Innlegget
Eg er samd med partiet Raudt når det gjeld utanlandskablar og at ein må redusera utvekslinga, men det skil seg litt når me kjem til korleis me skal lukkast med ny kraftproduksjon. Me høyrer jo at Raudt ikkje skal byggja ut havvind, at det ikkje skal byggjast ut landvind, at store linjer som krev natur, er problematisk, og at ein òg vil vekta natur mykje høgare og ikkje sjå linken til at ein faktisk av og til må ofra noko for å oppnå noko større. Så eg lurer på: Kva type kraftproduksjon skal ein basera seg på for å få til den industriveksten som eg håpar både eg og representanten Marhaug ønskjer at me skal lukkast med framover?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat