Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. des 2024

Innlegget
Eg kan iallfall forsikra representanten Halleland om at det ikkje er Senterpartiet som sender ein masse julekort til EU, men det er sikkert andre som driv med det. Vasskrafta har vore fundamentet for vår industri og velstandsutvikling, og mange bygder i mitt fylke, Sogn og Fjordane – eg nemner Årdal, Høyanger og Svelgen – har vakse fram på grunn av den vasskrafta. Få plassar kan ein sjå linken mellom kraft og industri tydelegare. For få dagar sidan gjekk den siste produsenten av «wafere» til solcelleindustrien utanfor Kina konkurs. Det var bedrifta NorSun i Årdal, som har klamra seg fast sjølv om mange andre har forsvunne på vegen. Dei har vore dei siste på skansen for å halda ein slik produksjon i gang, og det var 70 arbeidstakarar som ei veke før jul ikkje hadde ein jobb å gå til lenger. Det er klart at dette er dramatisk for dei det gjeld, men det er òg dramatisk for oss å vera vitne til at det går føre seg ein handelskrig i verda der slike aktørar blir offer, og dermed har lite eller ingenting å stilla opp med. Det betyr ikkje at staten Noreg ikkje har bidrege, for det har me verkeleg gjort. NorSun har fått støtte gjennom både Innovasjon Norge og Enova til dei prosjekta dei har søkt om. Dei har fått lån gjennom Siva til å utvida anlegget sitt, og dei har fått kapitaltilførsel gjennom Nysnø, som har vore viktig for at dei har kunna utvikla seg i dei åra som har vore. Dei er dessverre eit offer for handelskrigen mellom USA og Kina. Poenget er at sjølv om lokala no står tomme, ligg krafta igjen. Takka vere tidlegare politikarar er krafta låst til industriproduksjon i denne kommunen. Det er dette me meiner er våre konkurransemessige fortrinn, nemleg at me klarar å sikra kraft til norsk industri, t.d. ved å låsa inn kraft, slik ein gjorde på 1950-talet. Det handlar òg om å stilla kraft tilgjengeleg til ein pris som er overkomeleg. Skal det vera ei sanning også i framtida at kraft er vårt fremste konkurransefortrinn, må eksportkapasiteten reduserast, slik at me får eit meir stabilt prisbilde. Skal me lukkast med dette, må me ha meir kraft som blir omsett utanfor børs, sånn at me får direkte prising, som gjer det meir føreseieleg for norsk næringsliv. Dette er viktig for Senterpartiet, og det er viktige poeng og viktige tiltak som me vil jobba aktivt med framover for å sikra gode konkurranseforhold for norsk industri også i framtida.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat