Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. des 2024
Innlegget
Me i Miljøpartiet Dei Grøne er glade for at regjeringa, med dytt frå SV, følgjer opp nokre av dei tinga me har føreslått. Blant anna vert det ein skogmilliard i 2024, heldigvis. Det burde vore heilt sjølvsagt, og det trengst mykje, mykje meir. Noreg treng no ein naturpolitikk som monnar, der ein sluttar å byggja nye motorvegar og hyttefelt og sluttar med unødvendig naturnedbygging. Me treng ei stor satsing på kutt i klimagassutslepp. Det får me ikkje no. Me treng å verna og byggja opp att biologisk mangfald, og det betyr endring av både måten ein driv landbruk på, og måten ein driftar produktiv skog på. Det betyr å verna dei ekstremt viktige naturskogane som er igjen, og den urørte naturen – for å redda både dyr og plantar og for å binda karbon. Den beste investeringa Noreg kan gjera no, er å redda livsgrunnlaget vårt. Den mest kostnadseffektive beredskapen er å verna natur og matjord. Det er til beste for alle oss som får tryggare mat og natur rundt oss, og til beste for dei som kjem etter oss, som kan få noko å leva av. Grøn politikk er vinn-vinn. Diverre var det ikkje grøn politikk Noreg fekk i 2024, og det får me heller ikkje neste år, med mindre det vert regjeringsbyte til hausten. Miljøpartiet Dei Grøne er veldig glad for auka midlar til humanitær naudhjelp til Gaza, Somalia og Sudan. Me meiner at det er heilt sjølvsagt i ei verd der krig rasar på fleire kontinent, der millionar av menneske i verda svelt, mens oljestaten Noreg håvar inn tusenvis av ekstra milliardar kroner. Det er òg sånn at staten Noreg og dei rikaste nordmennene vassar i pengar, og likevel blir det stadig fleire fattige ungar her i byen og i Noreg, og kommunane slit med å levera dei mest basale tenestene. Kvifor er det sånn? Kvifor vert fritidsklubbane til våre mest sårbare ungdomar lagde ned, mens champagnen og kokainen aldri har flote så fritt i villaene på vestkanten? Det kan ein jo lura på. I dag støttar Miljøpartiet Dei Grøne fleire forslag frå Raudt og Kristeleg Folkeparti, bl.a. om å dobla den auka løyvinga til kommunane. Det er kommunane som sit igjen med veldig mange av dei samfunnsproblema som vert skapte av manglande politisk leiarskap nasjonalt. Det gjeld klimaberedskap, naturtap, omsorgsoppgåver og mykje meir. Miljøpartiet Dei Grøne vil løfta vårt forslag om 50 mill. kr ekstra for å sikra fritidstilboda i Oslo aust. Med det vil eg ta opp forslaget frå Miljøpartiet Dei Grøne og ønskje presidenten og Stortinget ei god og fredeleg jul. Eg vil avslutte med eit lite dikt, «Treet», av Øystein Hauge: Kva eg ønsker meg under juletreet Aller mest ønsker eg meg sjølve treet og skogen og lufta og havet og elvene i tusenvis av år framover
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat