Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. mar 2026

Siren Julianne Jensen
Siren Julianne Jensen
Miljøpartiet De Grønne·Finnmark

SakMøte tirsdag den 3. mars 2026 kl. 10

Innlegget

41:13] (ordførar for saka): Vi behandlar i dag Meld. St. 32 for 2024–2025 om trygg oppvekst i eit digitalt samfunn. Det er den første heilskaplege stortingsmeldinga som samlar mål, verkemiddel og ansvar for å sikre barn og unge ein trygg og inkluderande digital kvardag dei kan meistre. Ho beskriv både moglegheiter og risikoar ved barns digitale liv, frå læring, lek og deltaking til personvern, kommersielt press og internettrelaterte overgrep, og slår fast at barns rettar skal stå i sentrum. Familie- og kulturkomiteen har behandla saka på grunnlag av meldinga og innkomne innspel, og det føreligg ei innstilling. Innstillinga klargjer at dette er ei sektorovergripande oppgåve. Barns digitale rettar angår barnehage og skule, førebygging og helse, justis og forbrukarrettar, kultur- og mediepolitikk og regulering av digitale marknader. Komiteen viser også til allereie vedtekne planar og strategiar som meldinga byggjer vidare på og samordnar. La meg løfte tre prinsipp som ber meldinga, og som fleirtalet i komiteen stiller seg bak. For det første: Vern først alltid – barn skal ikkje bli overlatne til algoritmane. Vi må ansvarleggjere teknologiselskapa, styrkje rettsvernet og kutte kommersiell utnytting av barn. For det andre: Deltaking og meistring – barn skal ikkje berre bli beskytta, men også delta. Vi må byggje digital dømekraft, språk og kritisk tenking i barnehage, skule og fritid. For det tredje: Samordning og gjennomføring – dette er ikkje eit skuleprosjekt eller ei justissak. Det er ei samfunnsoppgåve som krev koordinert innsats på tvers av sektorar og tydeleg rapportering til Stortinget. Meldinga slår fast tre overordna mål: Tryggleik, aktiv deltaking og inkludering på nett. For å nå dette føreslår regjeringa ei pakke av tiltak som spenner frå regulering av plattformselskapa via kompetanse og praksis i barnehage og skule, til styrkt rettsvern for barn utsett for kriminalitet på nettet. Komiteen merkar seg at meldinga også løfter rettleiing om skjermbruk til befolkninga og utvikling av støtteressursar, råd og føre-var-prinsipp for bruk av kunstig intelligens i skule, særleg overfor dei yngste elevane. Komiteen deler hovudgrepa i meldinga – vi treng tydelegare regulering og betre samordning, ikkje minst fordi enkeltkommunar, skular og foreldre i dag står åleine mot globale plattformer og forretningsmodellar. Samtidig understrekar komiteen at digital deltaking og kompetanse er grunnleggjande for å meistre skule, arbeid og samfunnsliv. Det handlar ikkje om skjerm eller ikkje skjerm, men om innhald, føremål og kvalitet. Difor må tiltak mot skadeleg bruk gå hand i hand med tiltak for kritisk tenking, kjeldevurdering, språk og lesing, og med rom for profesjonelt skjønn i barnehage og skule. Komiteen er vidare oppteken av barns medverking, og at tiltaka må vere alderssensitive utforma. Det må vere lik praksis og like rettar, uavhengig av bustad. Og vi må unngå digitale klasseskilje der ressurssterke heim trekkjer frå. Komiteen støttar regjeringas linje om å forankre verkemidlane i EØS-retten og europeisk regelverk, medrekna DSA, og den komande KI-forordninga, for barns digitale kvardag skjer i marknadar og økosystem som er grensekryssande. Nasjonale ambisjonar for barns rettar må difor bli spegla i felles standardar, sanksjonsmoglegheiter og tilsyn som reelt kan endre praksisen til plattforma. Komiteen legg vekt på at dette ikkje kan bli løyst sektor for sektor. Vi treng tydelege ansvarslinjer, fast rapportering og måling av effekt, eksempelvis på område som ulovleg bildedeling, reklamepress, tidsbruk, søvn og psykososialt skulemiljø. Meldinga etablerer ein heilskapleg politikk og fordrar oppfølging av Barne- og familiedepartementet i samspel med sektorar innan kunnskap, kultur, helse, justis og digitalisering. Barn og unge skal ikkje måtte navigere i eit digitalt landskap som er styrt sterkare av algoritmar enn av omsorg. Dei skal ha fridom til å utforske, men også tryggleik som gjer at dei kan lære, feile, vekse og vere barn. Regjeringas melding sett ei viktig retning, men det er her vi på Stortinget må sikre at ho blir følgt opp med tydelege krav, regulering, ressursar og reelle tiltak som faktisk kan merkast i kvardagen til barn og ungdom. Det er vårt ansvar, og det er vår moglegheit til å gje barn og unge det dei har krav på: Ein trygg oppvekst, også i det digitale samfunnet. Eg tek opp forslaga MDG har åleine og saman med andre.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat