Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. mar 2026

Siren Julianne Jensen
Siren Julianne Jensen
Miljøpartiet De Grønne·Finnmark

SakMøte tirsdag den 24. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Rundt i heile Noreg står grendehus, samfunnshus og organisasjonseigde kulturbygg som sjølve hjartet i lokalsamfunna våre. Dette er bygg som held liv i kulturen, frivilligheita og fellesskapet. I distrikta er desse bygga meir enn møteplassar. Det er infrastrukturen for heile frivilligheita. Det er staden der folk møtest når avstandane er store, der generasjonar blandar seg og fellesskapet skjer i praksis, anten det handlar om idrett, kultur, inkludering eller beredskap. Framover blir frivilligheita berre viktigare. Vi treng opne møteplassar som gjer at folk kan bu, trivst og bidra. Vi treng fellesskap som kan handtere press på helse, fellesskap og integrering. Alt dette er frivilligheita, og alt dette går føre seg i desse bygga. I dag står mange av dei i ein svært krevjande situasjon. Over halvparten er bygde før 1960, og kartleggingar viser eit stort vedlikehaldsetterslep. Dette merkar ein ekstra godt i nord, der vi har eit tøffare klima, høgare energikostnader og større avstandar. Samtidig er det dei frivillige, dei som allereie ber lokalsamfunna, som sit igjen med rekninga. Det er rett og slett ikkje rimeleg. I dag får organisasjonane momskompensasjon for å vedlikehalde ei trapp, men ikkje når dei byggjer rampe, sånn at bygget faktisk blir tilgjengeleg for alle. Dei får kompensasjon for å reparere gamle vindauge, men ikkje om dei vil byte til meir energieffektive løysingar. Dette viser at regelverket ikkje treffer – ikkje for frivilligheita, ikkje for distrikta og ikkje for klimaet. Difor støttar MDG forslaget om å vurdere ei eiga momskompensasjonsordning for organisasjonseigde kulturbygg. Det vil gjere det mogleg å sikre universell utforming, brannsikkerheit, modernisering og energieffektivisering utan at det går ut over midlane som eigentleg skal brukast på aktivitet og inkludering. Det handlar om å gje frivilligheita betre rammer og ikkje større byrder. Vi har samtidig føreslått at regjeringa vurderer korleis den desentraliserte ordninga for kulturbygg kan treffe betre. Når berre 14 pst. av organisasjonane kjenner til ordninga, seier det seg sjølv at vi kan gjere dette enklare, særleg i distrikta, der kapasiteten til å søkje midlar er mindre, men behova ofte større. Kulturbygga våre er ikkje berre hus; det er motorar for fellesskap, kultur, demokrati og lokal beredskap. Det minste vi kan gjere, er å sørgje for at frivilligheita ikkje blir økonomisk straffa for å gjere det riktige, anten det handlar om tilgjengelegheit, tryggleik eller klima. Difor støttar MDG forslaga som ligg på bordet i dag. Det er målretta, rettferdige og nødvendige grep som vil styrkje kulturfrivilligheita i heile landet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat