Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 30. apr 2026

Siren Julianne Jensen
Siren Julianne Jensen
Miljøpartiet De Grønne·Finnmark

SakMøte torsdag den 30. april 2026 kl. 10

Innlegget

La meg begynne med å takke statsråden for ei viktig utgreiing. Men likestilling handlar ikkje berre om ambisjonar og statistikk; det handlar om liv som blir levde – i barnehagen, i klasseromma, i auditoria. I likestillingsutgreiinga som statsråden heldt, sakna eg noko: ei tydelegare erkjenning av korleis systemet sviktar mange gutar tidleg, systematisk og over tid. Eg har sjølv jobba 15 år i skuleverket og har møtt desse gutane – ikkje som tal, men som elevar. Eg har sett gutane som kjem til barnehagen med uro i kroppen og for lite språk, og som tidleg får høyre at dei er vanskelege, og som får beskjed om å løype det av seg, mens jentene blir tilbydde å setje seg ned og snakke om det som kanskje er litt vanskeleg. Eg har sett gutar som i småskulen har mista trua på seg sjølv før dei har fylt ti år, og eg har sett korleis dette følgjer dei vidare gjennom karakterar, fråvær og fråfall. Når vi veit at gutane i snitt presterer svakare i grunnskulen, oftare faller frå i vidaregåande skule og er stadig meir fråverande i høgare utdanning, kan vi ikkje lenger omtale det som individuelle val eller manglande motivasjon. Då er det strukturelt, og det er eit likestillingsproblem. Gjennom åra i klasserommet har eg gong på gong sett det same mønsteret: Skulen er rigga for dei som lærer gjennom språk, konsentrasjon og stillesitjing. Mange gutar gjer ikkje det, ikkje fordi dei manglar evner, men fordi vi tilbyr for få vegar til meistring. For mange gutar blir skulen ein plass der dei alltid er litt bakpå, der dei blir møtt med korreksjon før anerkjenning og forventningar før relasjonar. Dette handlar ikkje om å senke krava; det handlar om å stille betre krav og gje betre støtte. Statsråden understrekte i utgreiinga betydninga av like moglegheiter. Eg saknar at vi vågar å seie at like moglegheiter krev ulike tilnærmingar. Vi treng meir praktisk og variert læring, eit sterkare lag rundt elevane og systematisk tidleg innsats, særleg for gutar som strevar med språk eller emosjonsregulering. Dette er ikkje snillisme; dette er kunnskap vi har hatt i årevis, utan at vi handlar konsekvent på det. Vi må også snakke om høgare utdanning. Som lærar har eg sett gutar som blomstrar seint, ofte når læringa blir meir praktisk, yrkesretta eller tydelegare kopla til meining – men altfor mange kjem aldri dit. I dag er gutar kraftig underrepresentert i høgare utdanning, særleg i profesjonsutdanningar som skule og helse- og sosialfag. Det svekkjer mangfaldet i viktige yrker, og det svekkjer moglegheita mange menn har for stabilitet, tilhøyrsle og livsmeistring. Når denne utviklinga får fortsette år etter år, og utan tydelege politiske mottiltak, er det ikkje lenger tilfeldig. La meg vere heilt tydeleg: Å ta situasjonen til gutane på alvor, er ikkje å svekkje rettane til jentene. Likestilling er ikkje eit nullsumspel. Det er derimot eit svik mot likestillingsprosjektet å la ei gruppe systematisk falle bak på i ein så viktig arena som det barnehage og skule er, utan at det får ein tydeleg politisk respons. Vi skyldar desse gutane meir enn gode formuleringar. Med 15 år i skuleverket veit eg éin ting: Gutar vil lære, gutar vil lykkast, og gutar vil høyre til. Spørsmålet er altså ikkje om dei vil; spørsmålet er om vi har rigga systemet slik at dei får moglegheita. Det er eit ansvar vi ikkje kan skyve frå oss. Det må òg vere tydelegare til stades i likestillingspolitikken til regjeringa.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat