Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg vil starte med å takke statsråden for ei viktig utgreiing. Det gjer meg trygg at statsråden anerkjenner utfordringa knytt til plattformer styrte av algoritmar og kunstig intelligens, som gjer skiljet mellom sant og usant uklart og bidrar til desinformasjon og polarisering. Det statsråden derimot ikkje nemner, er skatt. I møte med teknologigigantane og den eksplosive utviklinga av språkmodellar må vi sørgje for at desse aktørane blir skattlagde for verdiar skapte i Noreg. Det må snarast bli utgreidd løysingar for skattlegging av teknologigigantar, som haustar gevinstar av effektivisering frå f.eks. kunstig intelligens. Frie og redaktørstyrte medium er viktige for gjensidig tillit i samfunnet. Eg deler gleda statsråden har over at vi i Noreg har ei sterk og uavhengig presse, men vi må ikkje ta ho for gjeven. Medieforskar Tellef Solbakk Raabe skriv i ein kronikk at sjølv om norske aviser reint økonomisk lukkast best i verda, ligg kunstig intelligens som ei bombe under dagens forretningsmodell. Det hastar med andre ord å finne løysingar på dette. Annonsekronene som skulle vore brukte for å finansiere journalistikk, hamnar no hos selskap som ikkje tek ansvar for sanning, openheit eller fellesskap. KI-tenester svekkjer mediebrukarens behov for å bidra inn i abonnementsøkonomien. Som Raabe skriv: «Hvorfor betale for én avis når en personlig KI-assistent kan oppsummere flere?» Samtidig som vi så raskt som mogleg finn ut korleis vi skattar Big Tech for verdiar dei skaper her, må vi støtte den frie pressa gjennom dei enorme omveltingane dei no skal gjennom. Vi i MDG føreslår bl.a. at momsfritaket for redaksjonelle medium må bli endra i takt med utviklinga. Vi ønskjer ei utviding av momsfritaket til også å gjelde digitalt redaksjonelt innhald innan våren 2026. Dette er presserande for å kunne tilby journalistikk på plattformer som også når fram til unge mediebrukarar. For unge er sosiale medium stadig den viktigaste nyheitskjelda. Difor er det viktig at redaktørstyrte medium ikkje blir straffa økonomisk for å satse på plattformer som kan vere eit alternativ til KI-oppsummeringar. Her bør regjeringa snarast kome på banen. Også for små, lokale eller nisjeprega redaksjonar er dette viktig. Det er behov for gode økonomiske rammevilkår for lokalavisene, som ofte er den einaste arenaen for lokalpolitisk debatt. Utan redaktørstyrte lokalaviser risikerer vi at mange saker som ikkje er relevante for nasjonale medium, aldri blir gjorde kjende for offentlegheita. Dermed blir ein viktig del av lokaldemokratiet vårt borte. Big Tech har fått ei makt over offentlegheita og økonomien som ingen folkevald forsamling har kontroll over. Dei tener milliardar på norske brukarar, norsk innhald og norsk infrastruktur, men bidrar minimalt tilbake til fellesskapet. Det er ikkje berekraftig, verken demokratisk eller økonomisk. Dette handlar ikkje berre om teknologi. Det handlar om kven det er som skal få lov til å leggje premissane for vår felles verkelegheit. Samfunnsdebatten må bli styrt av fri journalistikk og openheit og ikkje av klikkjag og algoritmar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
