Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. feb 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

For nokre veker sidan uttalte ordføraren i Sokndal, Bjørn-Inge Mydland, til Dalane Tidende at viss me ikkje får flaumtunnel, vil det slå ut på botnlinja til kommunen, rett og slett. Drifta blir for tungvinn. Det handlar ikkje berre om at folk ikkje skal få vatn i kjellaren, det handlar om kva kommune dei skal ha i framtida. Overfor Dalane Tidende understreka ordførar Mydland at det i dag er knytt store utfordringar til sentrumsutviklinga på grunn av flaumfaren. Dei får ikkje byggja meir i sentrum, det er stopp i bustadbygging, fortetting og næringsutvikling i sentrum. Konsekvensar av ein 200-årsflaum vil vera at alle vegar ut av Hauge sentrum blir stengde, straum kopla ut og pumpestasjonar for kloakk vil stoppa opp. Cirka 300 bustader og 90 næringsbygg vil stå under vatn – rådhus, skule, sjukeheim, kyrkja, idrettsanlegg under vatn. Store delar av Hauge sentrum vil stå under vatn ved ein 200-årsflaum, og målet er å etablera ein flaumtunnel for å redusera flaumrisikoen i Hauge sentrum. Det er eit såkalla gryteklart prosjekt. Det er no over to år sidan Sokndal kommune fekk 5,8 mill. kr i tilskot frå Statsforvaltaren i Rogaland til flaumsikringsarbeid. Pengane skulle brukast til utgreiing, planlegging og anna nødvendig arbeid som kunne sikra framdrift i prosjektet. At ein flaumtunnel er svært kostbar, var ein del av bakgrunnen for løyvinga. Statsforvaltaren i Rogaland, Bent Høie, uttalte den gongen at kommunen ikkje kan løysa dette aleine; det trengst statleg hjelp. Ein flaumtunell vil kosta fleire hundre millionar kroner, og når me løyver 5,8 mill. kr, sikrar det i fyrste omgang pengar til å jobba vidare med ei nødvendig løysing. Dette prosjektet i Sokndal var den gongen planlagt å kosta rundt 400 mill. kr. Dagens finansieringsordning med delfinansiering frå distrikta som har nytte av tiltaka, har i hovudtrekk lege fast sidan 1946. Nivået på distriktsdelen har vore til vurdering i Stortinget ved fleire anledningar. Ei mogleg uheldig side ved kravet om eigenandel er at samfunnsmessig gunstige sikringsprosjekt i nokre tilfelle ikkje blir gjennomførte fordi grunneigar eller kommunen ikkje har økonomisk evne. Dei siste åra har ekstremhendingar kome både hyppigare og med større omfang. Nødvendige sikringstiltak har blitt meir komplekse og omfattande. Både kommunar, KS og NVE melder om at fleire kommunar vegrar seg for å ta initiativ til sikringstiltak på grunn av den økonomiske kostnaden ved distriktsdelen. Regjeringa føreslår no å setja ned distriktsdelen for ordinære sikringstiltak til 10 pst. for å redusera belastinga for kommunane. For å unngå at distriktsdelen blir svært høg ved store sikringsprosjekt, vil regjeringa innføra eit øvre tak på 40 mill. kr per tiltak. Det vil letta byrda for mindre kommunar som står overfor store sikringsprosjekt, sånn som i Sokndal, og det er eit godt steg i rett retning, som ordførar Mydland seier.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat