Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. feb 2025

Sigbjørn Framnes
Fremskrittspartiet·Hordaland

Innlegget

Pisk og gulrot – eller burde me i dette tilfellet berre snakke om pisk? Det er tydeleg at fleirtalet i denne salen er mest glad i pisk, og dei forstår ikkje at hesten går betre dersom han får gulrot. Fleirtalet vel å innføre ei stivbeint ordning med krav og strenge avgrensingar. Ordninga er ikkje eingong skikkeleg utgreidd. Fleirtalet viser til at andre land har innført ulike strøymeavgifter, men fleirtalet overser fullstendig at Noreg har blant dei aller dårlegaste insentivordningane. Regelstyrte produksjonsinsentiv er meir effektive i å tiltrekkje seg varige investeringar enn eit slikt krav som fleirtalet i dag vedtek. Insentiv forårsakar ikkje marknadsvridingar. Ved å adressere marknadssvikt, slik som høge produksjonskostnader og risiko, kan desse insentiva auke investeringane og minimere vridingar. I gjennomsnitt fører implementering av program med beskjedne insentivnivå til ein auke på 6,5 pst. i investering i lokalt innhald. Analysar viser at land med meir restriktive retningslinjer, særleg kvotar for lokalt innhald, kan oppleve dårlege investeringsnivå i produksjonen av lokalt innhald. Desse restriksjonane gjev kostnader som kan hindre evne og vilje til å investere. I gjennomsnitt blir lokale investeringar reduserte med 8,2 pst. når ein innfører ein politikk som liknar på innhaldskvotar. Eller sagt på ein annan måte: Regelstyrte insentivordningar er mykje meir effektive enn slike ordningar fleirtalet i dag vedtek. Til slutt vil eg òg nemne at det fleirtalet vedtek i dag, ikkje har gjennomgått nokon konsekvensanalyse, så ingen veit noko om moglege utilsikta konsekvensar. Det blir heller ikkje innført noko tilsvarande krav for lineær tv. Dette er konkurransevridande. Dessverre vel fleirtalet i dag pisk – utan gulrot. Framstegspartiet vil stemme imot endringane.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat