Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 6. mar 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Takk til statsministeren for ei god utgreiing. Eg og Miljøpartiet Dei Grøne er einige i at me må gjera meir, men eg er diverre bekymra for at det regjeringa legg på bordet, ikkje er nok. Russland har no fått fornya sjølvtillit i sitt brutale forsøk på å knusa eit demokratisk naboland. Som statsministeren sa: Noreg har stilt 155 mrd. kr til rådigheit over fleire år. Det er mykje pengar, men det er ikkje meir enn at det er cirka like mykje som Helsedirektoratet seier Noreg vil spara kvart år dersom den norske befolkninga følgde kosthaldsråda. Noreg kan gjera meir. Ingen andre land i Europa har den same moglegheita som oss til å tetta det hòlet Trump har laga i den ukrainske økonomien. Dei neste dagane vil vera avgjerande for om Noreg vil evna å gripa det som kanskje er vår siste sjanse til å ta vår del av ansvaret for å stoppa Russland mens me enno kan. Det er på tide å prioritera hardt. Grunnsynet til Miljøpartiet Dei Grøne er tydeleg: Me trur på ein verdsorden som er basert på folkeretten og respekt for menneskeliv. Me vil prioritera det viktigaste – no og på lang sikt. Me trur på internasjonalt samarbeid og rettferd, me står fast på medlemskapet i NATO – som trass alt er meir enn USA – og me meiner at Noreg høyrer heime i EU. Her er me og Støre einige, trur eg, sjølv om statsministeren, av uforståelege grunnar, meiner at tida ikkje er inne for ein EU-debatt i Noreg. Om tida ikkje er inne no – når? Dersom Noreg no hadde signalisert tydeleg at me ønskjer å inngå for fullt i både det europeiske forsvarssamarbeidet og EU, ville det senda eit kraftig og positivt signal. For å ha gode vener, må ein òg vera ein god ven – ein må stilla opp. I dag vel Noreg i for stor grad å stå på utsida, mens me håpar at nokon andre skal ta ansvar. Folk der ute får det med seg: Noreg har tent seg søkkrike på å øydeleggja klimaet, og no tener me oss endå rikare på krigen i Ukraina. Mens ukrainarane døyr på slagmarka, mens Europa rustar opp, og mens fattige land vert tvinga til å bera den tyngste børa, lèt me pengane våre liggja trygt i oljefondet. Kor trygt er det eigentleg? Me i Miljøpartiet Dei Grøne har føreslått å oppretta eit solidaritetsfond for Ukraina på 1 000 mrd. kr. Til samanlikning tente Noreg 1 270 mrd. kr ekstra på høge gass- og oljeprisar som følgje av krigen i Ukraina i 2022 og 2023. No er tida inne for å betala krigsprofitten tilbake. For andre land ville eit slikt beløp føra til ekstreme budsjettkutt og vera vanskeleg å gjennomføra, men Noreg kan gjera dette utan at nokon eigentleg treng å merka forskjellen, bortsett frå forvaltarane i Noregs Bank. Likevel seier dei andre partia at forslaget frå Miljøpartiet Dei Grøne om 1 000 mrd. kr er altfor mykje. Når historia om denne tida skal skrivast, kva vil det då stå om Noreg? At me såg ein sivilisasjonskamp spela seg ut, men valde å spara? At fascismen vann fordi me forsvarte bankkontoen vår med større iver enn me forsvarte fridom og demokrati? La meg understreka: Det er ikkje nok at Ukraina berre får akkurat nok hjelp til å forsvara Kyiv og hindra at dei fell i morgon. Ukraina må ha styrke til å ha reelle moglegheiter til å driva okkupantane ut. Utan ein slik styrke på slagmarka vil dei heller ikkje ha styrke i forhandlingsrommet, og resultatet vil verta eit nederlag for demokratiet og ein siger for diktaturet til Putin. Det sender ein bodskap til despotar over heile verda om at stormakter kan sleppa unna med militær aggresjon. Difor må me gje Ukraina det dei treng. Eg registrerer at regjeringa dekkjer seg bak handlingsregelen for at me ikkje skal gje så det monnar til Ukraina. Regjeringa dekkjer seg altså bak ein formalitet, mens ukrainske soldatar manglar våpen og vert drepne på slagmarka – ein formalitet som både ein tidlegare oljefondssjef og 46 andre samfunnsøkonomar tydeleg seier ikkje bryt med intensjonen i handlingsregelen, nemleg å bidra til gode liv for etterkommarane våre. La meg til slutt vera heilt klar til Høgre og ytre høgre, som meiner at ein no hovudlaust skal byggja ned natur, ofra matjord og pumpa opp meir olje: Det er ikkje naturvern som har sett oss i denne situasjonen. Det finst ingen nasjonal tryggleik på ein klode som vert varma opp med tre grader, der milliardar av menneske vert tvinga på flukt, og der matsystema kollapsar. Det er den kursen dei har sett oss på. Tryggingspolitikk handlar om å rusta oss for framtida, ikkje om å øydeleggja ho. Noreg har råd til å handla, Noreg har råd til å gje meir, og me har ikkje råd til å la vera.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat