Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 17. mar 2025

Sigrid Simensen Ilsøy
Senterpartiet·Buskerud

Innlegget

Senterpartiet meiner at me i narkotikapolitikken må opptre fast og med varme. Me må møte dei rusavhengige med hjelp og andre meir treffsikre reaksjonar. Dette er fordi narkotika er helseskadeleg, farleg og tek liv. For Senterpartiet er det førebyggjande perspektivet alltid viktig, også i ruspolitikken. Politikken på dette området må difor sørgje for at særleg barn og unge blir skjerma for eksponering av rusmiddel. Trygge oppvekstmiljø med gode barnehagar, nærskule og eit fritidstilbod som femnar det store fleirtalet av barn og unge, vil kunne bidra til dette. Skal me lykkast med det førebyggjande arbeidet, trengst ei betre samordning på tvers av heile hjelpeapparatet – helsevesen, skular, barnevern, politi mfl. For dei av dykk som reagerer på at eg nemner politiet her, er det fordi politiet si hovudoppgåve nettopp er å førebyggje. Som ordførar ser eg med bekymring på tilbakemeldingar frå lokalsamfunnet mitt om at barn ned i barneskulealder får tilbod om narkotiske stoff. Politiet melder om tilgang til narkotika, og at tilgangen er større enn nokon gong, og at sjølv store kokainbeslag på fleire kilo ikkje påverkar marknadstilgangen i den største byen i Buskerud, Drammen. Ungdomar i vidaregåande skule seier at det så å seie er bruk av narkotiske stoff på alle festar. Senterpartiet ønskjer å støtte ungdomar som vil seie nei når dei blir tilbodne narkotika, og det er difor me bl.a. seier nei til avkriminalisering. Me ser fram til del II av rusreforma. Det er svært viktig med ei behandlingsreform som sikrar hjelp og verdigheit. Parallelt med dette må me gjere det me kan for å hindre at barn og unge prøver ut narkotiske stoff, med dei negative konsekvensane det kan ha for både individet og samfunnet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat