Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 17. mar 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Det er urolege, uoversiktlege og til dels uforståelege tider me lever i. Det er all grunn til å frykta resultatet av Trumps handelskrig, anten du driv eiga bedrift eller ikkje, og uansett om du lever i Oslo, Brussel, Finnmark eller Årdal i Sogn. Hundretusenvis av norske arbeidsplassar er eksportretta, men i praksis er me alle heilt avhengige av at dei internasjonale handelssystema fungerer. Eg forstår at mange i Noreg no lurer på: Vil me verta ramma av auka toll, auka prisar og auka rente? Korleis vert omsetninga i familiebedrifta mi i år? Har eg råd til å betala løningane til dei tilsette? Vil eg ha råd til å betala huslånet mitt i år? Den aller største klumpen me har i magen, har me likevel av ein veldig god grunn. I ei tid då klimaet på jorda er i ferd med å nå ei rekkje vippepunkt, burde alt me fokuserer på som politikarar, som næringsliv, som sivilsamfunn og som enkeltmenneske, vera å stoppa naturtapet, å sikra nok mat og ei leveleg verd til barna og naboane våre i tiåra som kjem, å endra den enorme sløsinga med naturressursane som no skjer, og å få til overgangen til eit lågutsleppssamfunn der livskvalitet og ikkje forbruksvekst står i sentrum. I staden går no krefter og pengar i alle land i verda i aukande grad til krig, til handelskrig og til opprusting. Verdssamfunnet har ikkje klart å samla seg til ein skikkeleg dugnad for klima, natur og menneskeleg sikkerheit. I staden får Israel gjennomføra folkemord for open scene, Putin kan invadera demokratiske naboland, mens Trump trugar med å annektera nye landområde omtrent annankvar dag. Det rasar no over 100 krigar og væpna konfliktar i verda, og dei varer stadig lenger. Som det vert sagt: Småstatar som Noreg tapar på trumpismen og på at jungelens lov får gjennomslag. Difor er det presserande at Noreg no sluttar opp om dei demokratiske systema me har, og står saman med våre vener og allierte naboar for stabilitet og sikkerheit. Regjeringa må kraftig trappa opp arbeidet for at nye handelsavtalar stiller bindande klima-, natur- og miljøkrav i tråd med Parisavtalen og tilrådingane frå FNs naturpanel at Noreg vert ein pådrivar for at eksisterande og nye handelsavtalar respekterer og støttar menneskerettar og demokrati og ikkje undergrev moglegheitene utviklingsland har til å byggja opp eigen industri og matproduksjon at me får til avtalar som legg til rette for auka norske investeringar i utviklingsland, føreset at det skjer på premissane til lokalbefolkninga, og at openheitslova må gjelda at ein støttar EUs arbeid for å sikra eigen produksjon og foredling av kritiske råmateriale, og at denne produksjonen opprettheld miljøkrav Sist, men absolutt ikkje minst: Noreg må starta forhandlingar om fullt EU-medlemskap. Demokratiske krefter i EU er det viktigaste forsvarsverket me har mot høgrepopulismens frammarsj og mot dei største truslane me står overfor. I kampen for å regulera verdshandelen, for å få bukt med dei mektige tekgigantane og oligarkane som no styrer uhindra i både USA og Russland, og for å få til regulering av ny teknologi som KI og autonome våpen, er EU vår aller viktigaste arena. Ikkje minst er EU den fremste krafta i verda for ein betre klimapolitikk som kan redda livsgrunnlaget vårt. Ein ny handelsavtale med India skal behandlast her i salen i dag, og la meg vera litt mørk og litt personleg, for la oss ikkje innbilla oss at India er eit velfungerande demokrati. Eg studerte sjølv på den kanskje siste liberale institusjonen som fantest i India, og den gongen, på JNU Delhi, kom det på natta inn væpna styrker og kidnappa medstudentane mine. Muslimar forsvann, og me såg dei aldri igjen. Det hindunasjonalistiske styret til Modi er ekstremt skremmande og har gjort, og gjer, veldig mykje av det same som Trump no får til i USA. Tyskland har nettopp vore gjennom eit parlamentsval der populistar på ytre høgre, direkte og indirekte støtta av oligarkane i Det kvite huset, har vakse kraftig. I andre europeiske land raslar òg ytre høgre med sablane, slik som dei gjer her i Noreg, og miljø- og fredsaktivistar vert no fengsla i land der me inntil for kort tid sidan ikkje trudde at slikt var mogleg. Heldigvis er biletet samansett. I mange europeiske land har grøne EU-positive parti auka oppslutninga si, og dei demokratiske kreftene i EU held førebels stand. Fellesskapet mellom europeiske naboar og allierte treng å styrkjast, ikkje svekkjast. Eg registrerer at Senterpartiet, Raudt og SV sit fast i argumenta frå 1994, men det mest urovekkjande er at dei store partia, Arbeidarpartiet og Høgre, ikkje tør å ta EU-debatten. Det er uansvarleg ikkje å ta leiarskap i den alvorlege situasjonen Noreg og verda står i no.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 17. mar 2025 — OverStortinget