Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 17. mar 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Fire år etter at den originale rusreforma vart stemd ned i denne salen, står me her no og diskuterer ruspolitikk som ligg fleire tiår bak den politikken som opphavleg blei lagd fram. Det er faktisk både flautt og trist, synest eg, å stå her i dag og diskutera forslag som ikkje faktisk gjev større verdigheit for rusavhengige, og som ikkje faktisk gjev hjelp og støtte til rusbrukarar som treng det. Stortinget hadde ei reell moglegheit til å gjera ei skikkeleg endring i 2021, men denne stortingsperioden har vorte kasta bort. Samtidig held rusavhengigheit fram med å vera eit enormt problem i samfunnet, og stadig nye og farlege stoff hamnar i omløp. Stadig nye barndomar vert øydelagde av rus, og stadig fleire med psykiske sjukdomar fell mellom to stolar og sjølvmedisinerer seg inn i farleg rusmisbruk og sjukdom. La det ikkje vera nokon tvil: Sjølv om regjeringa har valt å kopiera namnet rusreform, er ikkje dette på nokon måte ei reform. Straffelinja, stigmaet og utanforskapet som dagens politikk medfører, vert vidareført. Det er ingen nemneverdige lovmessige endringar, ingen betydelege midlar som vert lagde på bordet, og meldinga frå regjeringa ber meir preg av å vera ein utgreiingsbonanza med mål om å trenera reell handling, enn ei melding som tek situasjonen for norske rusavhengige og rusbrukarar på alvor. Ingen som slit med tung avhengigheit, gjer det for moro skuld. Ingen får det betre av å verta oversette, ingen vert motiverte til å ta tak i eigen situasjon av å stå i ein endelaus kø, og ingen vert friskare av å verta kriminaliserte. Det er berre hjelp som hjelper. Om me ser til andre land, ser me at det er fullt mogleg med ei anna utvikling. Tyskland har f.eks. forstått at det er meiningslaust å stå i stampe med ein avkriminaliseringsdebatt der det ikkje vert gjort noko for å regulera og fjerna den kriminelle marknaden. Difor har dei legalisert cannabis, noko stadig fleire land kjem til å gjera. Ruspolitikk handlar ikkje om oss og dei. Rus er eit samfunnsomfattande problem, og det er knapt nokon av oss som ikkje synest rusmiddel er vanskeleg å forhalda seg til. Det finst knapt ein nordmann som ikkje har rusavhengigheit tett på, gjennom nær familie, venekretsen eller seg sjølv. Alle folka våre som slit, fortener hjelp, uansett om dei bur på austkanten i Oslo, på beste vestkant eller i indre Sogn. Å ikkje få hjelp i tide øydelegg liv, det forkortar liv, det tek liv, og me har ingen fleire å mista. I dag vert det lagd ned behandlingstilbod i heile landet, og det er knapt mogleg å få hjelp for rusproblema sine når ein faktisk treng det. Om du som rusavhengig faktisk klarer å koma deg til fastlegen, innsjå at du treng hjelp, be om den hjelpa, kva skjer då? Du må venta i vekevis, månadsvis, i kø. Korleis i hulaste kan ein forventa at du som rusavhengig skal klara å vera like sterk og klar for å ta imot den hjelpa den tilfeldige dagen i framtida du skulle få eit tilbod? Alle skjønar at dette systemet ikkje funkar. Denne perioden har òg bore preg av enormt uføreseielege vilkår for mange tenestetilbydarar i russektoren. Regjeringa har behandla særleg den ideelle sektoren på ein slett måte, og viktige fagmiljø har vorte bygde ned fordi me har ei vinglete regjering utan tydelege visjonar. Det som likevel bekymrar meg mest med utviklinga i Noreg dei siste åra, er syna til dei andre partia. Høgre, som torde å gå inn for den nye ruspolitikken, har fjerna rusreform frå sitt nye programutkast. Dei siste fire åra har dei vore langt mindre tydelege enn dei var i regjering. Arbeidarpartiet tør ikkje ta nokon reelle val i frykt for å opprøra enkelte delar av partiet sitt. Senterpartiet og Framstegspartiet kjempar om å vera hardast i klypa og mest fordomsfulle, i håp om å henta inn nokre populiststemmer. Dei som må lida for dette kappløpet mot botnen, er nokre av dei aller mest sårbare folka i samfunnet. Eg kan varsla her og no om at me i Miljøpartiet Dei Grøne nektar å delta i eit sånt uverdig kappløp. Der andre vil nedprioritera dei svakaste i samfunnet til fordel for alt frå kulturkrig til skattekutt for dei rikaste, kjem me til å stå støtt på vitskapen, på menneskeverdet og på helsehjelp, noko alle menneske fortener i vanskelege situasjonar. Difor kjem me til å fortsetja kampen for ein kunnskapsbasert ruspolitikk i Noreg, uavhengig av kor mange parti som vel å gå i den heilt motsette retninga dei neste fire åra.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat