Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 1. apr 2025

Innlegget
Lisa Marie Ness Klungland (Sp) [12:35:57] (ordførar for saka): Først vil eg takka komiteen for samarbeidet denne travle våren, og eg vil òg takka komiteen for å gje meg tilliten til å bli saksordførar frå dag éin i ny komité. Forslagsstillarane frå Framstegspartiet ønskjer ei auka satsing på vasskraft i Noreg, ettersom Noreg står overfor eit auka kraftbehov, og vasskrafta er ein fornybar og regulerbar ressurs som har skapt store verdiar for Noreg. Ein stor andel av det realistiske vasskraftpotensialet i Noreg er allereie bygd ut, men NVE estimerer at det finst eit teknisk-økonomisk potensial innanfor verna vassdrag på 23 TWh. Prosjekt for opprusting og utviding er viktige for å vidareutvikla vasskrafta i tråd med behova i kraftsystemet, og eg går ut frå at forslagsstillarane vil leggja fram forslaga sine og bakgrunnen for desse. Komiteen meiner det er viktig å sikra ei føreseieleg energiforsyning for hushaldningar og næringsliv, og det blir understreka at balansen mellom omsynet til natur og kraftproduksjon er viktig, og at utbyggingar må vurderast på ein effektiv og grundig måte. Senterpartiet har lagt inn eit forslag på bakgrunn av at ei stor hindring for auka norsk kraftproduksjon er folkeleg og lokal oppslutning om kraftutbyggingar, utvidingar og oppgraderingar. Eit meir enn hundreårig vasskraftregime med eigne reglar for å vareta dei lokalsamfunna det vedkjem, har vist seg vellykka og ført til at vasskraftutbygginga i stor grad får tilslutning frå ressursdistrikta. Den motsette erfaringa har ein dei seinare åra hatt rundt vindkraftsaker, med sterk lokal motstand mot utbygging. For å lykkast med energi- og klimapolitikk er det viktig at ein sikrar tilslutning frå kommunar og lokalsamfunn som må avstå meir av sine naturverdiar. Det er stor interesse for bl.a. effektoppgraderingar og pumpekraftverk, men vasskraftregimet av i dag gjev ikkje samfunnsmessig gunstige insentiv for mange prosjekt. Det er viktig at kraftkommunar ikkje må koma dårlegare ut enn at kraftselskap ønskjer å investera meir i vedlikehald, oppgraderingar og effekt. Inntektene til kraftselskap og kommunar må difor sest i samanheng for å sikra aksept for slike prosjekt. Dei vasskraftprosjekta som er mest aktuelle framover, vil vera av ein annan karakter enn den tradisjonelle vasskrafta, og skatteregimet er ikkje tilpassa dette. Skatteregimet for vasskraft kan ha uheldige og utilsikta verknader. Samtidig er det komplekst, og det er mange omsyn å ta. Difor er det behov for ein heilskapleg gjennomgang av skatteregimet som belyser korleis det bør innrettast for å motivera til vasskraftprosjekt som er ønskte av samfunnet. Ein heilskapleg gjennomgang av gjeldande skatteregime, med mål om å styrkja insentiva for kraftkommunar og kraftselskap til å gjennomføra nye prosjekt, er difor nødvendig. Senterpartiet er òg med på forslaget om kartlegging av potensiell vasskraft i Noreg, inkludert plan, forslaget om kostnadsfordelar for nettilknyting og anleggsbidrag og forslaget om å stilla krav om auka saksbehandlingskapasitet, redusert saksbehandlingstid og enklare prosessar. Eg tek opp forslaga Senterpartiet har aleine eller saman med andre.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat