Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 1. apr 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Netthandelplattforma Temu er alt verda ikkje treng: ting produserte med ekstremt høg risiko for tvangsarbeid, som vert laga med miljøskadelege metodar og råvarer, og som inneheld kjemikaliar som er så helsefarlege at dei har vore forbodne i Noreg i fleire tiår. Temu er òg under etterforsking for å bryte marknadsføringsreglane i EU. Temu har ting med elendig kvalitet, som går i stykke og vert kasta bort. Dette er bruk- og kastsamfunnet og bruk- og kastøkonomien på speed. Temu har aldri selt meir enn dei gjorde i fjor, og òg her i Noreg går tala opp, opp og opp. Nesten sju av ti nordmenn som handlar på Temu, meiner at det fører til unødvendig overforbruk. Fire av ti norske Temu-kundar får dårleg samvit av å handla på Temu. Likevel er det så rimeleg at kundane ikkje klarer å stoppa. Appen er nemleg designa for å få dei til å kjøpa for mykje. I tillegg spionerer appen på dei som brukar han. Stortinget har eit ansvar for å sikra helse og sikkerheit for norske innbyggjarar og å sikra rammevilkår som gjer at både forbrukarar og næringsliv kan fungera i eit samspel. Temu bryt med alt dette. Temu har to konkurransefortrinn: Dei gjev f i alle reglar, og dei får tollfritak på tekstilar. I ein fei har Temu teke 15 pst. av den norske netthandelmarknaden og veks så det luktar svidd. Det går ut over norske nettbutikkar, som i all hovudsak følgjer reglane for marknadsføring, kjemikaliebruk, forbrukarsikkerheit og miljø. Det er mange foreldre som no har stramme budsjett, og som ønskjer å gje ungane sine leiker utan å måtta tømma lommeboka, men det kan ikkje vera sånn at ein fordi ein har dårleg råd, må ta til takke med produkt som er farlege, som er giftige, og som er produserte av slavearbeid. Folk skal vera trygge på at det dei kjøper, er trygt, og at det finst nokre reglar for korleis arbeidsfolk skal ha det. Det er ikkje vanleg praksis å forby selskap i Noreg, men Temu er ein katastrofe for norsk næringsliv, for miljøet og for forbrukarsikkerheita. Eg trur dei fleste partia i denne salen ser det. Miljøministeren har vore ute og snakka om eit forbod. Høgre tok opp Temu i ein svært kritisk interpellasjon før jul. SV, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Raudt støttar fleire av forslaga til Miljøpartiet Dei Grøne. Det er vanskeleg å stoppa Temu, men me bør gjera det likevel. Politisk handlingslamming hjelper verken forbrukarar, næringsliv eller miljø. Formuleringane i innstillinga om at det er viktig med ei heilskapleg tilnærming, og at fleire deler bekymringa forslagsstillarane har om at mange Temu-produkt inneheld ulovlege og farlege miljøgifter, hjelper lite så lenge fleirtalet stemmer imot regulering. Å akseptera at Temu får fortsetja som før, er å overlata ansvaret til forbrukarane. Det er uhaldbart, og det strir mot alminneleg rettsoppfatning at eit selskap får lov til å selja produkt i Noreg som eit europeisk selskap aldri ville kunne selt. Med det tek eg opp Miljøpartiet Dei Grøne sitt forslag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 1. apr 2025 — OverStortinget