Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 1. apr 2025
Innlegget
Akkurat no i Australia er det eit område på størrelse med Frankrike som er under vatn. Det er ein flaum av heilt ufattelege proporsjonar. Me lever i ei tid med mange store og små utfordringar, men den største av desse er utan tvil klima- og naturkrisa. Det er inga nyheit – de veit det alle saman, og de har visst det lenge – denne eksistensielle trusselen mot heile vår framtid. Likevel snakkar fleirtalet her inne om budsjettbalanse og finansielle prognosar som om desse tala aleine avgjer framtida vår. I verdas rikaste land vil ein ha auka forbruk, men kva hjelper solide rekneskap viss planeten brenn? Målet om økonomisk vekst er jo galskap når veksten byggjer på ein modell som øydelegg livsgrunnlaget for den komande generasjonen. Perspektivmeldinga manglar perspektiv. Det illustrerer jo godt at det Noreg ikkje treng, er ein gamal statsminister som finansminister. Det trengst desperat ny tenking, ein ny måte å styra samfunnet på, der me set natur og menneske først. Det er ikkje mogleg å sikra norsk velferd fram mot 2060 utan at me klarar å redusera dei menneskeskapte klima- og naturendringane. Jo lenger me ventar, jo meir krevjande og kostbar vert omstillinga, og jo meir øydelegging av norsk natur, byar og bygder vil me sjå. Klimakampen er ein kamp for livet og for sosial rettferd. Det er dei fattigaste i verda som vert ramma hardast av miljøøydeleggingar og klimaendringar. Tusenvis døyr allereie. Flaumar, brannar og tørke truar no livsgrunnlaget for hundrevis av millionar av folk. I Noreg er mange foreløpig heldige, men òg her mistar ein del hus og heim i ekstremvêr, og me ser at høge straumprisar og dyrare mat treffer dei som allereie slit. Dette kan me ikkje akseptera på sikt. FNs generalsekretær har beskrive det som at ein har opna portane til helvete. Men òg når det er mørke skyer på himmelen, finst det håp. Som land har me eit val: Skal me fortsetja på den motorvegen der me gjev full gass fram mot stormen? Skal me – endå verre – gje ytre høgre ei hand på rattet og styra oss mot verre klimakriser, splitting, hat, krig og død? Eller skal me, mens me enno har tid, ta avkøyringa til den hyggjelege landevegen som har fornuftige trafikkreglar, låg fartsgrense og sykkelfelt, til eit samfunn der alle kan leva eit godt liv, men med litt lågare tempo og litt mindre forbruk, og i staden ha meir tid til kvarandre og ta vare på både menneske og miljø? Det er mogleg, men då må me først anerkjenna kvar me er på veg, og ta dei store grepa som trengst. Det har gått mange år sidan Arbeidarparti-nestor Torbjørn Berntsen så treffande sa: «Jeg har for lengst mistet trua på det derre ‘økonomisk-vekst-samfunnet’. Vi har drekki og eti nok! Kloden har ikke ressurser nok til at alle skal få det som oss!» Dessverre er sitatet frå Berntsen stadig meir aktuelt. Aldri har me forbrukt så mykje som no. Regjeringa har ikkje eingong oversikt over kor mykje Noreg brukar av ressursane me har fått av naturen. Norsk økonomi burde styrast etter planeten sine tolegrenser, ikkje etter ei snever målstyring som BNP-vekst aleine. Noreg anno 2025 er ei klimasinke som grev seg stadig lenger ned i fossilgrava. Omstilling vil krevja politisk vilje. Det krev investeringar, det krev ein stat som legg til rette for rettferdig omstilling, men det er mogleg – og det hastar. Då må norske politikarar begynna å tenkja annleis om kva som betyr noko. Me må anerkjenna at fritid, venskap, familie og natur er meir verdifullt enn stadig fleire dingsar. Det er ikkje rart at fleire er einsame, at fleire slit psykisk. Ungdomen sit og «doom-scrollar» på smarttelefonen og lagar barnearbeid mens dei kjenner på framtidsfrykt og meiningsløyse. Det må ikkje vera sånn, men dette er resultatet når evig materiell vekst skal vera utgangspunktet for all politikk. Klimakrisa er skapt av dei rikaste på kloden, og den økonomiske ulikskapen aukar òg her i Noreg. Det er på tide at forureinar betalar, at milliardærane vert skattlagde, og at multinasjonale selskap betaler skatt på inntekt og verdiar skapte i Noreg. Me må jobba for ein global formuesskatt og hindra skatteflukta over landegrensene. Det er heilt nødvendig å ta grep før det skjer ei større forskyving av makt til selskap og dei rikaste i samfunnet, slik me ser konsekvensane av i USA no. Den kollektive velferda og demokratiske institusjonar er under angrep, og det er folk og natur som ber kostnaden.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat