Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. apr 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Energieffektivisering er eit viktig tiltak, og eg ønskjer å framheva noko av det me gjorde mens me sat i regjering. Gjennom denne stortingsperioden har me sørgt for i overkant av 4 mrd. kr til tiltak i bygg gjennom Enova og Husbanken. Det er meir enn ei dobling av det som gjekk til energieffektivisering i bygg under regjeringa Solberg i førre stortingsperiode. Med tilskotsordninga gjennom Husbanken har kommunane fått eit kraftfullt verktøy for å gjennomføra energitiltak, til beste for bumiljøet i kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. I den neste avtaleperioden blir det øyremerkt minst 587 mill. kr årleg, som Enova skal bruke på energitiltak berre i hushaldningane. Støtta til hushaldningane kan no òg gå til kjøp av tilgjengelege og velprøvde teknologiar, og dette vil bidra til mykje energisparing i norske heimar. Vidare gjev avtalen eit tydeleg signal til Enova om å prioritera støtte til energi- og klimaløysingar i industrien, der det er eit stort innovasjonspotensial. Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa la òg hausten 2023 fram ein eigen handlingsplan for energieffektivisering. Handlingsplanen set retning for korleis myndigheitene og andre skal jobba med energieffektivisering, og inneheld ei rekkje nye verkemiddel, bl.a. vidareutvikling av informasjonsverkemidla, særskilte krav til industrien og vidareutvikling av verkemidla til energieffektivitet i bygg. Både straumnett og kraft er knappe ressursar, og auka energieffektivisering kan bidra til å redusera effekttoppar og avlasta kraftsystemet. Mange energieffektiviseringstiltak er samfunnsøkonomisk lønsame og baserer seg på velutprøvde og tilgjengelege teknologiar. Likevel er det slik at utgiftene knytte til slike investeringar vil vera og kan vera ein betydeleg barriere for mange hushaldningar. Mange har ikkje råd. Denne utfordringa kan avhjelpast viss ein større andel av støtta blir øyremerkt hushaldningane og retta mot modne løysingar. Ei målretta satsing på modne løysingar og produkt vil sikra at gevinstane av energieffektiviseringstiltak blir oppnådde raskare og på ein meir effektiv måte. Enova må difor bruka ein større andel av støtta på energitiltak i hushaldningane og prioritera velprøvde og tilgjengelege teknologiar. Enova må òg prioritera slik at støtta til næringslivet går til å finansiera velprøvde og tilgjengelege teknologiar, og på den måten bidreg til utsleppskutt og auka omstillingstakt i bedriftene.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat