Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. apr 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Eg er sikker på at både eg, Geir Pollestad og andre i Rogaland Senterparti skal kosa oss med kebab frå Strand, så det blir bra. Det er avgjerande at bompengebelastninga i Ryfast blir kraftig redusert, og me har lenge jobba for å få dette på plass. Det er svært viktig at det går an å bu i Ryfylke og samtidig kunna pendla utan at det gjer eit kraftig innhogg i lommeboka. Ryfast er det bompengeprosjektet i Noreg som har dei klart høgaste bompengetakstane. For pendlarar gjer dette eit kraftig innhogg i økonomien, og det vil vera vanskeleg å få det til å svara seg å bu i Ryfylke og jobba f.eks. i Stavanger eller på Forus. Den gode matjorda rundt Stavanger og på Jæren er pressa. Det er difor avgjerande at befolkningsauken i Rogaland skjer i Ryfylke og Dalane heller enn på Nord-Jæren og Jæren. Då må det vera mogleg å pendla. Når bompengebelastninga blir så høg, får me ikkje ei positiv utvikling og heller ikkje ei utviding av bu- og arbeidsmarknaden i regionen. Det hastar å få på plass avtalar med andre land, slik at utanlandske køyretøy òg betalar for å bruka Ryfast. Eg forventar at det snarleg kjem ei løysing på plass for å gjera livet lettare for folk i Ryfylke. Det vedtok Stortinget i fjor òg, og sidan det har me venta i spenning. Fylkeskommunen og næringslivet er ikkje fornøgde med dei forslaga til tiltak som statsråden så langt har lagt på bordet for å imøtekoma den krevjande situasjonen som brukarane av sambandet opplever. Det er ikkje nok å skyva ansvar og kostnader over på næringsliv og bilistar og på fylkeskommune og kommune som sit med garantiansvar. Det er difor viktig at statsråden søkjer å finna ytterlegare gode inngangar saman med garantistane for å redusera dei reelle kostnadene for brukarane, og særleg for pendlarane. Det er viktig at tilskotsordninga for reduserte bompengetakstar utanfor byområda blir vidareført. Ho må òg styrkast. Me merkar oss at garantistane ikkje ønskjer å redusera passeringstaket, og at statsråden i svarbrevet heller ikkje skisserer andre, alternative løysingar som reduserer belastninga for pendlarane. Av omsyn til dei som blir råka, både innbyggjarar, næringsliv og kommunane, må statsråden ta opp att dialogen med dei lokale partane i avtalen for å redusera bompengebelastninga i Ryfast. Det er veldig viktig.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat