Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 24. apr 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

I dag vakna me nok ein gong opp til grufulle nyheiter frå Ukraina. Minst ni personar er drepne og over 70 er skadde etter massive angrep frå Putins Russland. Bustadblokker står i flammar, barn har vorte lemlesta. Når eit demokrati kjempar for å overleva, er det ikkje berre noko som handlar om utanrikspolitikk; det er òg ein verdikamp me alle er ein del av. Vår støtte er ikkje berre økonomisk; ho er òg moralsk, ideologisk og historisk forankra. Miljøpartiet Dei Grøne støttar denne auken av støtta, men me må òg tenkja lenger. Når Trump no står saman med Putin og forsøkjer å tvinga Ukraina i kne, som me har sett dei siste dagane, er det skakande og ekstremt farleg. Kva slags Europa vil me vakna opp til om 10, 20 eller 50 år? Det me gjer no, formar framtida ikkje berre for Ukraina, men òg for heile Europa og oss sjølve. Difor skulle Miljøpartiet Dei Grøne gjerne ha sett at støtta var endå høgare. Samtidig vil eg understreka kor viktig og verdifullt det er at alle partia på Stortinget no står samla om denne innsatsen. Det sender eit sterkt signal til både Ukraina, Putin og vår eigne borgarar om at når demokratiet er truga, stiller me opp saman. Noreg er i ein ekstremt privilegert situasjon, noko som set oss i stand til å hjelpa Ukraina så det monnar. Me kan ikkje ta det for gjeve at det alltid vil vera slik. Viss demokratiet forvitrar, i Ukraina eller her heime, hjelper det lite kor store fond me eig. Fridom, tryggleik og menneskerettar er verdiar som ikkje kan målast i kroner og øre, men dei må forsvarast, elles vert dei borte. Korleis kan me best utløysa både private og offentlege investeringar i Ukraina? Dei treng investeringar både i rein energi og til sikring av vassforsyninga i landbrukssektoren. Det er brei einigheit i næringslivet, Verdsbanken og blant ekspertar på bistand om at garantiar er eit av dei mest effektive verktøya for å utløysa store investeringar i land og prosjekt som vert oppfatta som risikable. Det er mogleg for Noreg å gjera meir her og å handla smartare. Noreg har allereie ei statsgarantiordning – la oss tilpassa ho til behova til Ukraina og utvida ordninga. Me har næringslivsordningar, men la oss tilpassa og utvida dei. Det er behova til Ukraina som må vera det styrande. Norsk næringsliv må oppmuntrast og hjelpast til å delta, men ordningane må innrettast etter behova til Ukraina, ikkje etter behova til norske bedrifter aleine. Denne saka handlar i botn og grunn om det same som miljøsaka: å ta ansvar for framtida og å gjera det rette òg når det kostar. Me støttar Ukraina av same grunn som me kjempar for natur og klima – fordi me trur på rettferd, på solidaritet, på å beskytta menneskeliv, og på at eit betre samfunn er mogleg viss me vel det og handlar deretter. Det handlar om kva slags verd me etterlet til dei som kjem etter oss. Med det vil eg ta opp forslaga til Miljøpartiet Dei Grøne i sak nr. 3.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat