Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 30. apr 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Eg synest det er litt vanskeleg å forstå kva statsråden eigentleg meiner, og kva som er einigheita mellom Arbeidarpartiet og statsråden på desse områda. Noko av det som òg er usikkert her, handlar om den norske sokkelen, for viss Noreg framover skal vera ei energistormakt, og viss me skal vera ein sikker energileverandør for Europa, må norsk sokkel utviklast. Fredag besøkte eg Kårstø, Gassco og Aibel, og tilbakemeldinga frå dei alle var å både leita etter og pumpa opp meir olje og gass. Meiner statsråden det vil vera klokt å gjennomføra ein 26. konsesjonsrunde i løpet av neste år?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Replikk · 30. apr 2025 — OverStortinget