Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 30. apr 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

I energi- og miljøkomiteen har me no ei sak om 26. konsesjonsrunde til behandling, og i den saka løfter statsråden i sitt svarbrev fleire gode grunnar til å lysa ut 26. konsesjonsrunde. I stortingsprogrammet til Arbeidarpartiet er det noko liknande, at Noreg er den største og viktigaste leverandøren av energi til Europa, og at me framover skal spela ei sentral rolle for europeisk energisikkerheit. Det er me jo einige i. Statsråden er einig i det, Arbeidarpartiet – i sine merknader – er einig i det og argumenterer for ei ny utlysing, men konklusjonen er likevel å ikkje lysa ut ein ny runde. Er statsråden for eller imot å lysa ut 26. konsesjonsrunde?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Replikk · 30. apr 2025 — OverStortinget