Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 6. mai 2025

Innlegget
Noreg og Europa står i ein heilt annan geopolitisk situasjon enn for berre nokre få år sidan. Sjølv om det dessverre har teke lang tid, er eg glad for at den nye realiteten no begynner å søkke inn i norsk politikk òg. Meldinga vi behandlar i dag, har retta opp i ein del forsømmingar vi har kunna leve med i ei djup fredstid, men situasjonen vi no står i, gjer det heilt nødvendig at vi kjem med konkrete tiltak. No skal ikkje eg gjenta det mange andre innlegg allereie har sagt. Det har vore fokusert mykje på den ytre og fysiske beredskapen i dagens debatt, og det er heilt klart viktig. Om sikkerheita vår vert teken vekk, har vi ikkje noko meir å debattere. Hendinga med straumbrot som vi såg i Spania og Portugal sist veke, bør vere ein vekkjar for kor sårbar den ytre beredskapen vår faktisk er. Samstundes ønskjer eg å rette merksemda mot den indre beredskapen i landet vårt, og spesifikt mot ei anna form for beredskap som verken det offentlege eller private kan ta seg av. Det er inga overdriving å seie at Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn spelar ei avgjerande rolle i totalberedskapen vår. Komiteen har på klokt vis anerkjent folkekyrkja si rolle og samstundes understreka betydninga av heile trus- og livssynssektoren i beredskapsarbeidet. Denne tydeleggjeringa rettar opp vesentlege svakheiter i totalberedskapsmeldinga, og for det fortener justiskomiteen stor takk. Den norske kyrkja er ikkje berre ein grunnleggjande og landsdekkjande institusjon. Kyrkjebygga er òg viktig infrastruktur og sentrale samlingspunkt når ei krise rammar. Kyrkja gjev støtte gjennom sørgjegudstenester, opne kyrkjer og andre viktige markeringar, i tett samarbeid med offentlege styresmakter. Samstundes fungerer Kyrkja som ein viktig brubyggjar og samarbeidspartner med andre aktørar. Difor er det heilt nødvendig å sikre Kyrkja rammer for å ta vare på si totale rolle i beredskapsarbeidet, både nasjonalt og lokalt. Trus- og livssynsorganisasjonane spelar òg ei avgjerande rolle med si erfaring innan sjelesorg, moralsk og eksistensiell støtte og praktiske omsorgsoppgåver. Desse funksjonane vert berre viktigare når samfunnet vårt står midt i ei krise. Eg vil avslutte med å streke under at det er nettopp i krisetider vi ser verdien av samarbeid og fellesskap. Det er då ein verkeleg ser at alle samfunnsaktørar spelar på lag, alt frå offentlege styresmakter, frivilligheita og trussamfunn til det sivile samfunnet. Det er når vi står saman og spelar kvarandre gode, at vi kan yte den motstanden som krevst i ei krise. Med dette vil eg ta opp Kristeleg Folkepartis forslag i saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat