Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 6. mai 2025

Innlegget
Beredskapspolitikken og denne meldinga har synleggjort at det har vore mykje mindre kaffidrikking i Justis- og beredskapsdepartementet dei siste fire åra enn det var i tida før, så det er bra. Straumbrotet i Spania og delvis i Portugal har synleggjort at me lever i ei ny tid. Dette kan skje i alle land i verda dersom ein ikkje førebur seg godt. Det kan òg skje i Noreg, sjølv om sannsynet for at det skjer samtidig i heile landet, er lite. Når me byggjer kraftnett, må me ha beredskap i bakhovudet. Kraftlinjene våre er noko av den viktigaste kritiske infrastrukturen me har, om ikkje den viktigaste. Det er masse som kan skje: ekstremvêr, ustabilt vêr og flaum, som f.eks. uregulerte vassdrag som fløymer over. Det har me gjort noko med. Det er ikkje alt me kan planleggja for, men noko kan me gjera. Me skal no få beredskapsråd i alle kommunar, regionar og på kritiske samfunnsområde. På reisene mine rundt om i Rogaland var den tydelege tilbakemeldinga at dette må på plass, for om noko uventa skjer, og frivilligheita, offentlege tenester, folk og næringsliv skal jobba saman, må dei kjenna til kvarandre. Det er òg viktig at me politikarar forstår korleis straumsystemet vårt er rigga og har kjennskap til det. Nasjonal kraftforsyning er ein grunnleggjande nasjonal funksjon. Det er ikkje tilgangen til straum. Det betyr at kvar enkelt av oss må vera rigga for straumbrot. Kva gjer me om dei økonomiske systema ikkje fungerer i ein periode, om me ikkje får vatn i springen, om butikkane er stengde, og om varmeapparatet ikkje får straum? Me må ha beredskapslager heime, og kvar enkelt av oss må vera førebudde. Då straumen forsvann i Spania i mange timar, var det mange som leid. Søskenbarnet mitt var der saman med familien sin, inkludert dei to små ungane sine. Dei fekk ingen beskjed om kva som hadde skjedd. Me har no fått på plass varsling til befolkninga om noko skjer. Søskenbarnet mitt hadde heldigvis mat liggjande, og dei fann nokre kontantar dei kunne bruka på vatn. Det er difor svært viktig at me har fått på plass moglegheita til framleis å kunna bruka kontantar, for om straumen ryk, er det berre kontantar som gjeld. Det gjeld òg i Noreg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat