Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 6. mai 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Premissen for elektrifisering av Melkøya er ikkje følgt opp. Premissen for elektrifiseringa var at den fornybare kraftproduksjonen i Finnmark innan 2030 skulle auka tilsvarande den planlagde forbruksauken til Hammerfest LNG. Det ser no ikkje ut til å vera realistisk. Per no er ikkje noko av den tiltenkte erstatningskrafta i Finnmark gjeve konsesjon. Frå no og fram til 2030 vil det ikkje vera mogleg å innfri føresetnadene for kraft- og industriløftet for Finnmark. Regjeringa og Equinor ønskjer å stengja dagens gasskraftverk for å kutta utslepp, trass i at føresetnaden om at kraftproduksjonen i Finnmark skal auka meir enn kva ei elektrifisering av Melkøya vil krevja, er broten. For å sikra kraftbalansen i Finnmark må gasskraftverket på Melkøya fortsetja drifta lenger enn det som er planlagt. Energimyndigheitene må påleggja Equinor å driva gasskraftverket på Melkøya vidare. Konsesjonen må tilpassast sånn at kraftverket ved vidare drift bidreg til stabil kraftforsyning og straumpris. I dagens sikkerheitspolitiske situasjon er det svært viktig å sikra busetjing i Nord-Noreg, og spesielt i Finnmark, som grensar mot Russland i aust. Tilgang på nok og rimeleg kraft er ein føresetnad for utvikling av næringsliv, arbeidsplassar og samfunn og for å sikra busetjing i Nord-Noreg. I Nord-Noreg opplever no næringslivsaktørar med både små og store prosjekt over heile landsdelen å få avslag på søknad om krafttildeling fordi elektrifisering av Melkøya vil krevja store mengder kraft. Elektrifisering vil innebera ein betydeleg auke i etterspørselen etter kraft og utfordra kraftsituasjonen i Finnmark og Troms, og elektrifiseringa vanskeleggjer situasjonen for andre industriar som vil ha behov for konkurransedyktige prisar på kraft for å lykkast. Det er viktig at Noreg held fram med å vera ein stabil gassleverandør i tida framover. Snøhvit Future må realiserast for å halda kraftproduksjonen høg, men det må skje med erstatningskraft som er realistisk å få på plass før 2030. Gasskraft med karbonfangst og -lagring, CCS, er ei alternativ løysing som kan brukast for å oppnå utsleppsreduksjonane frå produksjonsanlegget på Melkøya. Fleire norske selskap meiner dette er realistisk å få på plass før 2030, for Noreg er leiande innanfor CCS-teknologi. Dagens løyving for elektrifiseringsprosjektet står ikkje i vegen for å etablera eit gasskraftverk med karbonfangst og -lagring for å dekkja det betydeleg auka kraftbehovet. Ei elektrifisering med kraft frå land i Finnmark vil støvsuga Nord-Noreg for kraft og føra til dramatisk høge straumprisar. Då er det i staden fornuftig framleis å bruka gasskraft med eller utan CCS. Med det vil eg òg ta opp dei forslaga som Senterpartiet er med på.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat