Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 6. mai 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Lisa Marie Ness Klungland (Sp) [16:19:02] (ordførar for saka): Først vil eg nytta moglegheita til å takka komiteen for eit godt samarbeid. Denne saka handlar om 26. konsesjonsrunde. Oljeselskapa blir gjennom konsesjonsrundar tildelt nye løyve til å leita etter olje og gass i område som er opne og tilgjengelege for petroleumsverksemd. Det finst to typar. Det er nummererte rundar, som 26. konsesjonsrunde, som blir nemnd i denne saka, og tildelingar i førehandsdefinerte område, såkalla TFO-ar. Den førre nummererte konsesjonsrunden var då Olje- og energidepartementet lyste ut 25. konsesjonsrunde i november 2020. Partia vil nok gå gjennom standpunkta sine i denne saka, og eg vil gå vidare med Senterpartiets meiningar om saka. I dag har EUs energikommissær lagt fram ein plan for å forby russisk gass. Noreg og Europa står i den mest alvorlege tryggleikspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig. Noreg vil i mange år framover vera Europas desidert største og viktigaste energipartnar, og å forsyna forbundsfellane våre med petroleum og sikra Europas energisjølvstende er avgjerande for vår eigen fridom og tryggleik. I fleire europeiske land har det vore diskutert om planane for energilausriving frå Russland bør skrotast på grunn av kraftunderskot. Det blir interessant å sjå korleis denne planen går vidare. Då må Noreg uansett ta ansvar der me har moglegheit, og sørgja for høg produksjon i lang tid framover. Me må utnytta dei moglegheitene norsk sokkel har til å auka utvinninga av gass. Skal Noreg halda fram med rolla som ein stabil gassleverandør og føreseieleg samarbeidspartnar innan energi til EU, hastar det med å leita meir for å halda oppe produksjonen. Tilgjengelege leiteareal er ein vesentleg del av det. For halvannan veke sidan besøkte eg både Kårstø, Gassco og Aibel, bedrifter som ligg i nærleiken av der eg bur. Alle saman er tydelege på at me må leita meir. Det er naturleg å starta med førebuande arbeid til ein ny konsesjonsrunde før det blir fatta vedtak om utlysing av sjølve konsesjonsrunden. Denne prosessen tok om lag halvanna år i forbindelse med 23. konsesjonsrunde og om lag eitt år i samband med 24. konsesjonsrunde. Difor har me i Senterpartiet lagt inn eit forslag om å «setje i verk førebuande arbeid for 26. konsesjonsrunde med sikte på ei mogleg utlysing av runden tidleg i 2026». I dag legg som sagt EUs energikommissær fram ein plan for å forby russisk gass. Partiet til statsministeren i Noreg stemmer imot å leita etter meir gass, og det er uforståeleg. I dag skal utanriksministeren ha ei EU- og EØS-utgreiing, og det blir spennande å sjå om avsnittet om at Noreg skal vera ein stabil og føreseieleg gassleverandør framleis står. Eg tek til slutt opp forslaget frå Senterpartiet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Innlegg · 6. mai 2025 — OverStortinget