Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 13. mai 2025

Innlegget
Noreg produserer i dag store mengder biologisk avfall og restprodukt frå landbruket, oppdrettsnæringa og skogbruk, avløpsslam, matavfall og fleire andre kjelder. Dette biologiske materialet har eit energipotensial som i liten grad blir utnytta, men som har moglegheit til å gje eit meiningsfullt bidrag til framtidas energibehov og omstilling til ein meir sirkulær økonomi. Biogassen kan enkelt nyttast til å erstatta fossile energikjelder innan bl.a. tungtransport, industri og maritim sektor. Produksjonen gjev òg ein biorest som kan nyttast til f.eks. biogjødsel. Produksjon og bruk av biogass kan gje store årlege klimagevinstar. Norsk institutt for bærekraftsforskning har berekna at 1 TWh energi frå biogass kan gje ein utsleppsreduksjon på om lag 200 000 tonn CO2-ekvivalentar der biogassen fortrengjer bruk av naturgass, og 250 000 tonn CO2-ekvivalentar der gassen erstattar diesel. Utsleppsreduksjonane kan aukast ytterlegare viss den reinsa CO2-gassen blir lagra. Manglande klare målsetjingar for bransjen kombinert med eit svakare verkemiddelapparat retta mot biogassproduksjon har resultert i ein betydeleg lågare norsk produksjon enn hos våre skandinaviske naboland. Regjeringa vurderer no å innføra eit forbod frå 2028 mot bruk av fossil gass til permanent oppvarming. Miljødirektoratet sitt forslag om forbod mot bruk av fossile brensel til indirekte fyring i industrien frå 2030 har vore på høyring. Noreg har, samanlikna med Europa, få gassdistribusjonsnett for natur- og biogass som vil kunna bli påverka av forbodet, men Nord-Jæren har eitt av få sånne gassnett. Nettet er eigd av Lyse og leverer kvart år om lag 600 GWh, som i dei kaldaste timane står for 15–20 pst. av effektdekninga i Sør-Rogaland. Infrastrukturen kan nyttast til transport av biogass til eksisterande kundar, men det fordrar at tilgangen på biogass er på plass før eventuelle forbod trer i kraft. Biogass utgjer for Noreg ei stor moglegheit til å satsa på lokale verdikjeder som vil skapa arbeidsplassar, bidra til å løysa miljøutfordringane knytte til handtering av avfall og restprodukt og samtidig bidra med sårt tiltrengt energi og gje utsleppsreduksjonar. Føresetnaden for ei sånn satsing er auka prioritering av biogassproduksjon gjennom det offentlege verkemiddelapparatet, stabile rammevilkår, som reduserer risikoen for investorar, auka tilgjengeleggjering av energirike substrat og restprodukt frå bransjen og vidare satsing på forsking. Senterpartiet har difor kome med ni forskjellige forslag for å styrkja biogass, som bl.a. handlar om å fastsetja eit mål for norsk biogassproduksjon at investeringsstøtta til industrielle biogassanlegg frå Enova blir dimensjonert etter støttenivået frå 2024 og styrt etter det nemnde måltalet å gje Enova og Bionova tilleggsmandat til å støtta ei oppskalering av biogassproduksjonen å oppretta ei ordning under Enova å etablera eit kompetansesenter, for me treng betre samhandling og forsking Med det ønskjer eg å ta opp forslaga til Senterpartiet, som dessverre ikkje får fleirtal i dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat