Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 13. mai 2025

Innlegget
Som fleire har nemnt, vurderer regjeringa no å innføra eit forbod mot bruk av fossil gass til permanent oppvarming, og Miljødirektoratets forslag til forbod mot bruk av fossile brensel til indirekte fyring i industrien frå 2030 har vore på høyring. Noreg har, til samanlikning med Europa, få gassdistribusjonsnett for natur- og biogass som vil kunna påverkast av desse forboda, men Nord-Jæren har det. Der er nettet eigt av Lyse, og infrastrukturen kan nyttast til transport av biogass til eksisterande kundar, men det fordrar at tilgangen på biogass er på plass før eventuelle forbod trer i kraft. Mange bedrifter bruker dette gassnettet, bl.a. Jæder, som min kollega Geir Pollestad nettopp besøkte, men òg andre bedrifter som Skretting og Felleskjøpet, og eg anbefaler jo òg førstekandidaten i Rogaland Arbeidarparti å besøka desse og snakka med dei. Kan statsråden garantera at han vil sikra ei vellykka omstilling før forbodet eventuelt trer i kraft, og på den måten sikra desse viktige arbeidsplassane?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat