Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 13. mai 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Det er oppløftande å høyra. Eg håper både Lyse og bedriftene på Nord-Jæren får med seg det statsråden seier. Statsråden nemner òg Enovas tilsegn i 2024 om biogassproduksjon, og den samla støtta på 550 mill. kr var rekordhøg – det var jo oss to saman som fiksa det. Eg er einig i det statsråden skriv i svarbrevet, at den siste tildelingsrunden i fjoråret under Enovas investeringsstøtte til industrielle biogassanlegg utgjer ein klar auke i støttenivå. Samtidig vil eg understreka at denne tildelingsrunden står i klar kontrast til eit betydeleg lågare tildelingsnivå under ordninga tidlegare. Eit høgt støttebeløp i ein enkelt tildelingsrunde utgjer jo ikkje ei varig satsing på biogass, ei heller gjev det interesserte aktørar nødvendige føreseielege vilkår for å satsa i Noreg. Tydelegare politiske prioriteringar og målsettingar saman med ein forsterka verkemiddelbruk vil vera viktig. Vil statsråden jobba for å sikra føreseielege vilkår for biogassnæringa?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Replikk · 13. mai 2025 — OverStortinget