Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. mai 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

No på laurdag sat litle Ahmed, ein blid og vilter baby på ni månader, og leikte med katten sin eit par timars flytur herifrå. I dag er ikkje Ahmed og katten hans meir. Endå ei bombe kom i natta, endå eit israelsk luftangrep, endå fleire palestinske liv er øydelagde. Om ein i Europa i dag protesterer mot denne nedslaktinga, risikerer ein arrestasjon. Om ein i land som Tyskland og Storbritannia i dag protesterer mot folkemord, risikerer ein å møta politi, vald og fordøming. No på laurdag gjekk tusenvis av menneske i tog i gatene i Oslo, men norske riksmedia skreiv ikkje om det. Barn, kvinner og menn fylte opp heile Karl Johan i protest mot det pågåande folkemordet i Palestina, med norske pengar, med amerikansk militær støtte og med politisk støtte frå Europa. Folkemordet får stadig mindre merksemd i media og i politikken. Tusenvis på tusenvis av vanlege norske folk ropte: La barna eta, la barna leva. Men regjeringa er tydeleg på at dei planlegg for at Noreg skal fortsetja å vera den største europeiske enkeltinvestoren i den ulovlege okkupasjonen i Palestina og den etniske reinsinga av Gaza og Vestbreidda som no går føre seg. Utanriksministeren har rett i at me er i ei tid med store geopolitiske endringar. Utanriksministeren beskreiv utfordringane godt, og Miljøpartiet Dei Grøne er einig i mykje av det han sa. Utanriksministeren siterer Jean Monnet, ein av arkitektane bak det moderne Europa. Eg vil velja eit anna sitat av Monnet, nemleg: «There is no future for the people of Europe other than in union.» Monnets ord beskriv òg vår tid, og det er på tide at regjeringa verkeleg tek tak og seier det som må seiast. I denne skjebnetida på vårt kontinent seier Miljøpartiet Dei Grøne at det er mogleg å forhindra folkemord, og det er mogleg å ta ansvar for vår felles framtid og vårt forhold til EU. Det som mangla i utgreiinga, er nemleg konklusjonen: Noreg bør trekkja alle investeringar i folkemord og okkupasjon og ta eit tydeleg initiativ til ein internasjonal boikott av Israel, og Noreg bør innleia forhandlingar om medlemskap i EU. I ei tid der stormaktspolitikken dominerer, er det avgjerande at me i Noreg står saman med våre nærmaste allierte. EU har klart å samla seg i møte med kriser. Russland har gode grunnar til å bruka fordekte metodar for å fremja motstand og mistru mot EU og mellom europeiske land. Utan EU ville Russlands ulovlege angrepskrig mot Ukraina ha møtt mindre motstand. Det er i norsk interesse å delta fullt ut i alle delar av EUs sikkerheitssamarbeid og forsvarspolitiske samarbeid. Klimakrisa og tap av naturmangfald er den viktigaste langsiktige utfordringa i vår generasjon. Der har EU vist leiarskap med sin grøne gjev, som set klare mål for reduksjon av klimagassutslepp og bevaring av natur. Noreg har mykje å læra her. For kvar dag Noreg heng etter, jo meir norsk natur forsvinn, jo meir energi sløser me på gamaldagse løysingar, og jo meir vert framtida til nordmenn skadelidande. Norsk økonomi er tett samanvoven med EU, og vår største handelspartnar er ikkje USA, det er Storbritannia, Tyskland og EU. Noreg sit på gangen når reglane som avgjer økonomien i Europa i framtida, vert diskuterte. Noreg må sitja ved bordet framover når avgjerder som avgjer vår framtid, skal takast, for å sikra våre interesser og for å ta ansvar. Det er langt frå alle utviklingar i Europa som går i riktig retning. Det høgreekstreme og rasistiske partiet AFD er no størst på målingane i Tyskland, og i land etter land ser me at framande og pengesterke interesser påverkar val. Anten dei heiter Putin eller Musk eller er meir ansiktslause grupperingar, er denne ekstremismen og destabiliseringa ekstremt farleg òg for oss. No vert ytre høgre i Europa samla i støtte for Israel, mens Netanyahus regime sveltar tusen på tusen til døde og er i gang med den endelege og fullstendige etniske reinsinga på Gaza og Vestbreidda. Noreg må bidra til ei samling for humanitære verdiar, for fellesskap og for rettferd. Det er store utfordringar me står overfor, og det krev at våre politikarar viser mot, prioriterer hardt og prioriterer riktig. Det er på tide at me i Noreg tek det neste steget i vårt forhold til Europa. Det er mogleg å koma seg av benken og inn på bana. Noreg må verta med i EU for å sikra vår sikkerheit, beskytta klima og natur og styrkja vår økonomi. Det er mogleg, og det er det som er det ansvarlege.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat