Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 15. mai 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Varene skal fram, og det skal skje på ein sikker og trygg måte. – Det er viktig for meg at eg kjem fram og kan oppretthalda køyre- og kviletida, så vel som at eg får fram varene, sa Torstein Ramsdal i Nor-Log då Sigbjørn Gjelsvik var på besøk i Ølen i november. Gjelsvik fekk sitja på med sjåføren frå Haukeli over til Ølen. Bakgrunnen for besøket var nettopp det me snakkar om i dag, tungbilkolonne, og å gje innsikt i korleis det er for sjåførane å køyra over Haukeli. Det er framleis ikkje tillate å køyra tungbilkolonnar over Haukeli, sjølv om det er blitt investert i oppstillingsplassar som kan skilja personbilar og vogntog. Me kunne òg lesa i avisa Grannar dagen etterpå at Sigbjørn Gjelsvik verka å vera ein jordnær og grei kar – det er det viktig å ha på trykk. Eit poeng som gjekk igjen i løpet av besøket, var at tungbilkolonneordninga fungerer godt over Hardangervidda. Oppstillingsplassane er på plass, og ein kan då stilla spørsmål om kvifor ein ikkje kan få til det same over Haukeli. Å fortelja personbilsjåførar at dei ikkje får bli med i ei tungbilkolonne, burde vera ein enkel operasjon. Vegmyndigheitene må jo ha moglegheit til å sortera vekk dei store bilane som ikkje har det dei treng for å klara seg i ei kolonne. Driftsoperatøren har det fulle og heile ansvaret for kolonnekøyringa og har rett til å vurdera situasjonen, og med det avgjera om det kan køyrast ein eigen tungbilkolonne, og kva køyretøy som får lov til å bli med i denne kolonnen. Tungbilar som skal over fjellet vinterstid, må sikra at dei har utstyr og bil som til kvar tid er tilpassa vêr og føreforhold på best mogleg måte. Sjåføren den dagen sa òg at med kravet om kjetting under kolonnekøyring med kraftige køyretøy og yrkessjåførar, ser ein moglegheita for at tungtransporten kan koma seg fram under krevjande forhold. Til slutt vil eg takka den gode naboen min Terje Halleland for at han har løfta denne saka inn til Stortinget, og komiteen for eit einstemmig vedtak i dag, og eg forventar at dette er på plass til vinteren.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lisa Marie Ness Klungland (Senterpartiet) — Innlegg · 15. mai 2025 — OverStortinget