Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 15. mai 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Rikeleg tilgang på rein og rimeleg kraft er noko som skal koma heile det norske samfunnet til gode. Norsk kraft har lenge vore eit konkurransefortrinn og eit grunnlag for ein forretningsmodell for næringsliv og industri i Noreg, og med denne tilgangen på rein og rimeleg kraft har me sett ei storetablering av datasenter i Noreg. Kraftfortrinnet i Noreg, derimot, er i ferd med å forsvinna. Digitaliseringa av samfunnet er positiv, men det krev enorme mengder kraft, og datasenter er nødvendige for å fortsetja digitaliseringa. Datalagring, KI og kryptoutvinning er eksempel på spesielt kraftkrevjande prosessar. Den norske kraftsituasjonen har vore god i fleire år, inntil Nordlink og North Sea Link blei operative. Føresetnadene for datasenterindustrien har med det endra seg ved at kraftsituasjonen i Noreg har blitt ein heilt annan enn den var for berre nokre få år sidan. Situasjonen fører med seg prioriteringsspørsmål, som no er blitt ein heilt nødvendig debatt. Dette kom seinast til uttrykk ved Nammos kraftbehov og det at myndigheitene hadde anledning til å prioritere verksemder i nettkøen. Fleire plassar i landet er det kraftmangel. Nye verksemder og næringar får ikkje den krafta dei treng for å etablera seg, og eksisterande verksemder får ikkje moglegheita til å utvikla seg. Dette er ei alvorleg utfordring som hindrar verdiskapinga og samfunnsutviklinga. Eg ønskjer difor å visa til vårt forslag i førre veke om å sørgja for at regelverket rundt levering og tilknytingsplikt blir revidert, slik at ein kan ta større omsyn til tilgjengeleg kraft og nettilgang og til dei samfunnsmessige effektane av eit prosjekt. Det forslaget blei dessverre stemt ned. Endrar me ikkje retningslinjene, betyr det potensielt at eksisterande bedrifter ikkje får meir kraft, og at nye bedrifter ikkje får kopla seg på. Det ser me allereie eksempel på. Det kan òg bli utfordringar for f.eks. nye byggjefelt, og det ville vore katastrofalt for f.eks. mitt fylke, Rogaland. Me treng trygg, stabil og rimeleg straum til folk og næringsliv, og det er nødvendig å ta grep for å sikra nasjonal kontroll med krafta. Senterpartiet står inne i forslaget om å be regjeringa følgja opp stortingsvedtak 718 for 2023–2024 og «utrede et permanent forbud mot utvinning av kryptovaluta i Norge». Eg tek opp forslaget.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat