Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 15. mai 2025

Innlegget
Senterpartiet meiner at me må skaffa oss eit solid kunnskapsgrunnlag før me vurderer kjernekraft som ein mogleg del av det norske energisystemet. Me meiner difor det er for tidleg å seia ja eller nei til kjernekraft i Noreg no. Me ønskjer å veta meir. Då me sat i regjering, tok me eit viktig grep og steg vidare saman med Arbeidarpartiet, og det var at me oppnemnde kjernekraftutvalet i juni 2024. Dei fekk i oppdrag å greia ut kva moglegheiter og utfordringar som er knytte til kjernekraft i ein norsk kontekst, og det skal gje oss eit fagleg og faktabasert grunnlag for den debatten som vil koma. Det arbeidet føregår no, og rapporten skal, i alle fall ifølgje det siste eg høyrde, leverast i april 2026. Senterpartiet meiner kjernekraft framleis er noko som ligg noko fram i tid. Då er det heilt avgjerande at me byggjer den kunnskapen først. Me treng å veta meir om behovet, om teknologien og ikkje minst om dei samfunnsmessige kostnadene når me tek stilling til om og korleis dette skal innlemmast i Noreg. Dette arbeidet er starta, og då synest me det er eit naturleg neste steg på ein ansvarleg og realistisk veg vidare. Me ser det ikkje som hensiktsmessig å setja i gang nye og til dels overlappande initiativ på kjernekraftområdet før me har fått sett anbefalingane frå utvalet, men me er positive til eit tett nordisk samarbeid om energispørsmål og vil støtta forslaget om nordisk kjernekraftsamarbeid. I tillegg støttar me forslaget om å greia ut moglegheiter for å delta i forskingsprosjekt i europeisk og global regi innan utvikling av MSR og prosjekt der kjernekraft blir nytta til framdrift. Eg tek opp dei forslaga Senterpartiet er ein del av.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat