Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 15. mai 2025

Innlegget
Senterpartiet meiner det er avgjerande å ta vare på norsk politisk styring i forvaltninga av våre naturressursar, for det er ikkje tilgangen på naturressursar i seg sjølv som skaper verdiar for fellesskapet, men måten me forvaltar dei på. Historisk har forvaltninga av norske naturressursar sørgt for at kraftforedlinga har skapt store verdiar som samfunnet har hatt nytte av. I åra framover vil dette vera eit viktig grunnlag for å sikra arbeidsplassar og industriar og at dei held seg lønsame og kan vidareutviklast. Råvarene Europa er avhengig av, kan ikkje berre koma frå Kina. Det er difor avgjerande å sikra ei langsiktig verdiskapande forvaltning i tråd med norske og europeiske interesser. Nokre vil hevda at kraftutveksling er nødvendig for stabilitet, men stabilitet finst knapt i dagens europeiske kraftmarknad. Logikken om at utanlandskablane er eit slags straumberedskapstiltak, sviktar totalt når land som Tyskland ikkje har orden på sin eigen straummarknad. Me kan ikkje sitja stille og sjå på at straumprisane i Noreg stadig blir styrte av forhold i den europeiske kraftmarknaden. Det var aldri meininga at norske hushaldningar og bedrifter skulle betala tysk pris for norsk kraft. Fastlandsindustrien vår er bygd på krafta me har. Risikoen me står overfor med svekt konkurransekraft og tapte arbeidsplassar, må me ta på alvor. Difor meiner me i Senterpartiet at me må seia nei til nye danmarkskablar, slå fast at det ikkje skal byggjast ut nye utanlandskablar, starta forhandlingar med Tyskland og Storbritannia for å få betre kontroll med eksporten gjennom utanlandskablane, gjera fastpriskontraktar tilgjengelege òg for små og mellomstore bedrifter og omklassifisera nødvendig straumforbruk til eit nødvendigheitsgode til liks med vatn og avløp. Dette har Senterpartiet meint heile vegen. Me har tidlegare i inneverande sesjon fremja liknande forslag som har blitt røysta over i Stortinget, m.a. Innst. 196 S for 2024–2025 og Innst. 198 S for 2024–2025. Senterpartiet meiner framleis dette, og difor støttar me desse forslaga. Dette er problem som statsråden for lengst burde ha teke tak i. Ta f.eks. danmarkskablane, som Arbeidarpartiet har vedteke at ikkje skal realiserast. Dei eldste kablane til Danmark blei bygde i ei heilt anna tid og har no spelt ut si rolle. No kan me fase dei ut og på den måten redusera prissmitten til Europa og få meir kontroll over straumprisane her heime. Då er det synd at statsråden lar Statnett og NVE halda fram med å bruka ressursar på å greia ut utbygging av nye danmarkskablar. Med det tek eg opp dei forslaga Senterpartiet er med på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat