Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 15. mai 2025

Lisa Marie Ness Klungland
Lisa Marie Ness Klungland
Senterpartiet·Rogaland

Innlegget

Dette er litt deprimerande. Det er knapt ei sjel igjen i salen og forslag etter forslag som er fremja, vil bli stemt ned. Eg har reist ein del rundt i Rogaland, og det er spesielt mange små og mellomstore bedrifter som gjev tilbakemeldingar om at det er tøft. Det er bedrifter som ofte har små marginar, som ofte ikkje har svære organisasjonar i ryggen eller investorar som kan skyta inn midlar. Det er bedrifter der kanskje kvar krone tel. Privatpersonar har hatt straumstønad i fleire år. Regjeringa vil neste veke leggja fram eit forslag om noregspris. Dei største industribedriftene har ofte langsiktige fastprisavtalar. Kva vil statsråden gjera for å sikra låge og stabile straumprisar spesielt for små og mellomstore bedrifter?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat