Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 15. mai 2025

Innlegget
Tilbakemeldingane frå mange av bedriftene, spesielt dei bedriftene som har variabelt og sesongavhengig straumforbruk, som ikkje bruker straum heile året, eller som ikkje kan garantera for eit visst volum, er at den uføreseielege marknaden er vanskeleg, og at det er vanskeleg å rekna på kor mykje dei kjem til å bruka av straum det neste året. Me skal diskutera noregspris i vekene framover, men tilbakemeldingane frå fleire er at bedriftsmarknaden vil vera meir krevjande og det vil vera meir ustabilitet. Vil statsråden innføra grep som kan sikra at bedriftene har meir stabilitet med omsyn til straumrekningane sine, så dei kan veta kva dei skal betala i framtida?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat