Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 15. mai 2025

Innlegget
Den tilbakemeldinga eg får, er ofte at bedriftene tek kontakt med dei lokale kraftselskapa og spør om kva moglegheiter dei har for å teikna fastprisavtalar. Tilbakemeldingane er då ofte at dei ikkje brukar straum gjennom heile året, eller at dei ikkje kan garantera for ei viss mengde straum. Det betyr både at kraftselskapet står i ein skvis, og at bedriftene står i ein skvis. Ut frå dei tilbakemeldingane eg får, er det teikn på at ein må gjera noko frå vår side og frå statsråden si side for å kunna tilpassa fastprisavtalane til det behovet som er blant dei bedriftene som står utanfor. Er statsråden positiv til å sjå på nokre av dei løysingane?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat