Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 15. mai 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

I Noreg vart dei fyrste fritidsklubbane etablerte på 1950-talet, for å førebyggja ungdomskriminalitet og styrkja ungdomskulturen. I dag er dei kommunale fritidsklubbane mykje forskjellig. Dei er bordtennisbord og fotballbane, dei er slitne musikkrom eller gamingrom med topp nytt utstyr, men dei er fyrst og fremst ein plass for å eta, for å gjera lekser og for berre å vera saman. Felles for fritidsklubbar er at dei er éin av få plassar norske ungdom har for å vera saman utan forpliktingar, utan betaling, og det trengst. Dei siste ti åra har over 100 fritidsklubbar forsvunne i Noreg. Éin av fem kommunar manglar eit sånt tilbod, og no står altså nesten halvparten av landets fritidsklubbar i fare for kutt eller nedlegging. No må noko gjerast. Fattigdom, ulikskap og utanforskap er eit stort og aukande samfunnsproblem i Noreg. Dei aukande levekårsforskjellane i byar som Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Sandnes, Drammen og Fredrikstad er urovekkjande. I Oslo har me lenge hatt problem med ein delt by, og i nokre utsette bydelar er det vanleg at barn og unge er så trongbudde at dei kallar seg utebarn. Dei får ikkje lov til å koma heim før småsøskena har lagt seg. Når kommunar som Oslo vert styrte av Høgre og Framstegspartiet, som gjev skattelette til dei rikaste og kuttar i budsjetta for fellesskapet, ser me fort resultatet: nedlagde skular, nedlagde fritidsklubbar, større forskjellar mellom folk, mindre tillit, meir kriminalitet. Gata kan ikkje vera det einaste alternativet for ungdomane våre. Det er å be om trøbbel. Ein fersk studie frå Storbritannia konkluderte med at kriminaliteten blant ungdom i London auka med 14 pst. etter at klubbnedleggingar vart gjennomførte mellom 2010 og 2019. I bydel Søndre Nordstrand, der det finst særleg levekårsutsette område, møtte tusenvis av innbyggjarar opp i vinter for å protestera mot politikken til byrådet. Det er fordi folk på Holmlia veit kva som er resultatet av slik usosial politikk. Det veit òg alle dei aktørane som faktisk jobbar med barn og unge i Noreg, og som tek denne gruppa på alvor. Eg vil takka alle dei som kom med høyringsinnspel til forslaget vårt: Norges Handikapforbunds Ungdom, Press – Redd Barna Ungdom, Redd Barna, Skuleleiarforbundet, Ungdom og Fritid og UNICEF Norge. Den store støtta til dette forslaget viser at det trengst ei skikkeleg satsing for å skaffa alle ungdomar i landet vårt ei trygg og inkluderande fritid. Mannsutvalet har anbefalt det, og me i Miljøpartiet Dei Grøne meiner at det er eit akutt behov for å sikra norske ungdomar ein trygg plass å vera. Det er synd at stortingsfleirtalet ikkje støttar oss i dag. Dei partia som snakkar fint, men handlar lite i dag, får ein ny sjanse til å styrkja kommuneøkonomien i revidert nasjonalbudsjett, og eg forventar at dei følgjer opp der.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 15. mai 2025 — OverStortinget