Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 15. mai 2025

Sigrid Zurbuchen Heiberg
Miljøpartiet De Grønne·Oslo

Innlegget

Miljøpartiet Dei Grøne er per i dag det einaste partiet på Stortinget som ikkje har teke imot milliongåver frå verken fagforeiningar eller rike investorar. Det er eg stolt av. Me er det partiet som talar på vegner av dei som ikkje har tjukke lommebøker. Me talar på vegner av dei unge og gamle som kjempar for å bevara naturen som me alle treng. Me talar for fisken i fjorden og fuglane i trea – dei få fuglane som enno er att. Me talar for alle dei grøne gründerane som slit med å koma i gang fordi systemet i Noreg er rigga til fordel for gamle, naturfiendtlege næringar, og fordi dei store subsidiane i Noreg framleis går til oljeselskapa og fossile næringar. Ikkje minst kjempar Miljøpartiet Dei Grøne for ungane, som går ei alvorleg klimakrise i møte, for dei som enno ikkje er fødde, for barna i Palestina og Sudan og Kongo. Ein må gjerne kalla meg idealist, men eg er i alle fall ikkje kjøpt og betalt. Det finst ikkje noko sånt som ein gratis lunsj. Sånn er det dessverre òg i partipolitikken. Det går ikkje an å tru at dei som donerer millionbeløp til politiske parti, ikkje forventar noko tilbake. Politikk kan ikkje vera fri når han er kjøpt og betalt. Verst er det openbert når det skjer med mørke pengar, altså pengar gjevne anonymt utan openheit om gjevaren. Dette er bl.a. tilfellet med Aksjon for borgerlig valgseier, som formidlar anonyme, store pengegåver til Framstegspartiet. Akkurat no driv Russland og andre utanlandske aktørar og trappar opp innsatsen for å påverka val i Europa. Me har sett alvorlege tilfelle det siste året. Elon Musks støtte til nazistane i AFD er ikkje eit enkeltståande tilfelle. Når Trump godtek eit flygande palass verdt 4 mrd. kr frå emiratet Qatar, er dette toppen av eit isfjell. Ytre høgre og antidemokratiske krefter over heile verda driv no og styrkjer kvarandre, styrkjer verdas aller rikaste oligarkar og vice versa. Det hastar med ny lovgjeving viss me skal unngå at òg norske val vert avgjorde av pengemakt og skjulte interesser. Ungane, naturen og dei som har minst å rutta med, har ingen pengar å putta i nokon sin valkamp. Vert det då meir freistande å prioritera interessene til andre i politikken? Svaret gjev seg sjølv. Difor er det positivt at regjeringa no føreslår innstrammingar i anonyme midlar. Forslaget frå Høgre om å tetta eit smotthol er bra, men desse forslaga er ikkje nok. Det er òg nødvendig å setja ei grense for kor mykje kvar enkelt kan gje. Helst bør dette kunna sporast tilbake til fysiske personar, sånn at regelen ikkje vert for enkel å omgå. På denne måten kan me både sikra oss mot utanlandsk påverking og kjøp av politisk innflytelse med mørke pengar. Med det vil eg ta opp forslaget frå Miljøpartiet Dei Grøne i saka.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Sigrid Zurbuchen Heiberg (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 15. mai 2025 — OverStortinget