Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 22. mai 2025

Innlegget
Av § 5 i lovforslaget går det fram at opprettinga av marine verneområde òg kan bidra til naturens evne til å binda og lagra karbon. Klima- og miljødepartementet påpeikar i proposisjonen at dette tilleggsomsynet ikkje kan grunngje eit eventuelt områdevern. Det er nødvendig å understreka at inkluderinga av dette tilleggsomsynet ikkje skal tolkast som ei utviding av føremålet med marint områdevern. Tilleggsomsynet er å sjå på som ei rein formalisering av den eksisterande praksisen der kvalitetar ved området knytte til kor motstandsdyktig naturen er mot klimaendringar, kan bli omtalte i vernevedtaket ved å visa til den eller dei lovfesta måla for områdevern dette tilleggsomsynet er relevant for. Departementet viser i svar på spørsmål frå komiteen om tidlegare vedtak om marint vern etter naturmangfaldlova som understrekar dagens praksis for vurdering av klimaomsynet, til vedtaka knytte til Lopphavet og Rauerfjorden. Områda sine relevante funksjonar for klimaet i desse sakene blir ikkje vektlagde i vurderinga til departementet, men vernet sin verknad for å gjera områda betre rusta for klimaendringar, blir derimot trekt fram, og me føreset då at det er denne praksisen departementet vidarefører i den nye loven. Me meiner lovforslaget kan få konsekvensar for aktivitet på mange område og saknar omsynet til andre samfunnsinteresser utover bevaring og vern, som f.eks. næringsinteresser. Planlagde verneforslag kan bety store avgrensingar for næringsaktivitet. Ved all aktivitet i norske havområde der det har blitt lagt til rette for verdiskaping, har det følgt med krav om å oppretthalda miljøverdiane. Forvaltningsplanane har etablert gode rammer for forvaltning av norske havområde og vist at det er mogleg med høg verdiskaping samtidig som ein varetek miljø- og naturomsyn. Det er viktig at verneprosessar under ny lov ikkje blir isolerte og fråkopla forvaltningsplanarbeidet. I arbeidet med forvaltningsplanar er det rutinar for å senda delrapportar og faggrunnlag på høyring, noko som sikrar brei involvering og kvalitetssikring av avgjerdsgrunnlaget. Eg vil visa til det forslaget Senterpartiet står inne i, som Arbeidarpartiet no varslar at dei òg går inn i. Det planlagte verneforslaget kan innebera betydelege avgrensingar av næringsaktiviteten. Generelt er næringsaktivitet avhengig av føreseielegheit og stabile rammevilkår. For havet er tidsperspektivet ofte langsiktig. Difor må loven bli praktisert på ein mest mogleg føreseieleg måte. Dette lovforslaget kan redusera føreseielegheita, og det kan særleg ramma nye næringar. Det vil difor vera av stor betyding med prosessar som sikrar at tiltak blir vurderte til å vera hensiktsmessige og forhaldsmessige, slik at det ikkje blir innført tyngre restriksjonar enn nødvendig, og at konkurransekrafta til norsk sokkel ikkje blir svekt. Med det har eg teke opp Senterpartiets forslag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat